absint
En absint-flaske utstilt i Musee de l'Absinthe i byen Motiers i Sveits.
absint
Av /AP/NTB.

Frå 1. utgåve av Aschehougs leksikon (Illustreret Norsk Konversationsleksikon, 1906–1913).

Kunnskapsforlaget.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Absint er eit bittert brennevin med svært høgt innhald av alkohol, mellom 40 og 80 volumprosent. Opphavleg blei absint aromatisert med ekte malurt, som inneheld verkestoffet tujon.

Faktaboks

Uttale
absˈint
Etymologi
av gresk ‘malurt’
Også kjend som

absinth, absinthe

Absint blei opphavleg framstilt i Sveits på 1700-talet. Brennevinet blei populært blant kunstnarar i Frankrike på slutten av 1800-talet (La Belle Époque) og blei produsert mellom anna av firmaet Pernod. I 1915 blei absint forbode då det blei rekna for å vera skadeleg for nervesystemet. Seinare har ein meint at skadane som oppstod etter bruk av absint, heller blei forårsaka av det høge alkoholinnhaldet enn av urtene. Begge oppfatningane har noko for seg, og forskinga har vist at langtidsinntak av tujon kan føra til hjerneskadar med psykiatriske symptom, syns- og høyrselshallusinasjonar, kvalme, oppkast og krampar.

I vår tid har absint blitt tillate igjen i nokre land, og det er innført grenser på kor mykje tujon det kan innehalda.

Erstatninga som kom då produktet var forbode, Pastis, har likevel i dag langt større omsetning. Det er eit anisbrennevin med spesielt stor utbreiing som aperitiff i Frankrike og har det til felles med absint at det blakkar (opaliserer) ved tilsetjing av vatn.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg