Ytre Sula er den ytste av dei store øyane i Solund kommune i Vestland fylke. Ytre Sula ligg på nordsida av Sognesjøen, den ytre delen av Sognefjorden. Øya er 34,7 km² stor med nokre grender.

Faktaboks

Etymologi
norrønt sól, ‘fure, innsnitt’
Også kjend som
Ytre Solundøy, Husøy

Høgaste punkt er Håfjellet på 202 meter over havet. Ytre Steinsund skil øya frå Steinsundøy. På vestsida av øya ligg Husøy kyrkje. Øya har ei rekkje fiskeoppdrettsanlegg. Steinalderbuplassen Grønehelleren vitnar om tidleg busetjing.

Kart

Ytre Sula
Ytre Sula
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg