Faktaboks

William Stern
Uttale
ʃtern
Fødd
1871
Død
1938
William Stern
William Stern er en av grunnleggerne av moderne personlighetspsykologi.

William Stern var ein tysk psykolog. Frå 1916 til 1933 var han professor i Hamburg, og frå 1933 til 1938 ved Duke University. Han la vekt på å sjå individet som ein totalitet, og blei gjennom den såkalla personalistiske psykologien sin ein av grunnleggjarane av moderne personlegdomspsykologi.

Stern gav òg viktige bidrag til barnepsykologi og anvend psykologi, særleg vitnepsykologi og psykoteknikk. I 1907 grunnla han Zeitschrift für angewandte Psychologie.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg