Vistehulen

Vistehola, ein av de eldste steinalderbuplassane som er funne i Noreg. Utgravingar i 1907 avdekte skjelett og horn- og beinreiskapar.

Av /KF-arkiv ※.
Vistehola
Av .
Lisens: Gnu FDL

Vistehola er ei hole i Randaberg, om lag ti kilometer nordvest for Stavanger. Vistehola er ein av dei best kjende buplassane frå norsk steinalder.

Faktaboks

Også kjend som
Svarthola

Vistehola blei først undersøkt i 1907 og 1910, seinare i 1939 og 1941. Hola har vore nytta som buplass av fangstfolk, og det meir enn éin meter tjukke kulturlaget dannar i alt fire sjikt etter ulike busetjingsperiodar. Den største funngruppa omfattar jakt- og fiskereiskapar av stein, horn og bein, forutan måltidsrestar som skal og dyrebein. Det yngste busetjingslaget skriv seg frå jernalderen. Dei andre er frå eldre og yngre steinalder (mesolittisk og neolittisk tid).

Namnet

Første ledd er gardsnamnet Viste. Det høyrer visstnok saman med norrønt vist, 'bustad'. Namnet kan ifølgje Magnus Olsen sikte til at det på staden er påvist buplassar frå oldtida.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg