Vettisfossen i Utladalen
Vettisfossen i Utladalen

Vettisfossen er ein foss i Utladalen, Årdal kommune i Vestland fylke.

Vettisfossen er danna av elva Morka–Koldedøla der denne kastar seg ut frå Vettismorki og ned i Utla. Samla fall er 370 meter over ein horisontal distanse på 500 meter; og 273 meter loddrett fall.

Turisme

Vettisfossen er lett tilgjengeleg via Folkevegen til Vetti og har stort turistbesøk.

På vinteren frys fossen til og dannar mektige isformasjonar som blir brukt til isklatring. Fossen blei første gong erobra vinterstid i 1977 av Rob Taylor og Henry Barber. Første nordmenn var Ketil Strømme og Øyvind Moss i 1996.

Fossen er verna mot kraftutbygging.

Namn

Namnet er etter fjellgarden Vetti, fyrste ledd utolka, anna ledd vin, 'eng'.

Vettisfossen

Vassprut frå fossar kan danne fosse-engar på jorddekt mark i fossesprøytsona. Desse kan gå tapt dersom arealet blir beslaglagt, eller dersom intensiteten i vasspruten blir vesentleg redusert slik at engane gradvis gror igjen. Vasskraftutbygginga dei siste 50 år har både redusert vasspruten til fosseengar og beslaglagt areal. På biletet ser ein Vettisfossen i Utladalen i Sogn, som med eit fritt fall på 273 meter er ho høgaste verna og uregulerte fossen i Noreg.

Av /Artsdatabanken.
Lisens: CC BY 3.0

Kart

Vettisfossen
Vettisfossen
Vettisfossen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Schwarzott, Jon (1997): Under Storen : Portrett av Utladalen og Vettisfossen. Grøndahl Dreyer forlag.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg