Vang i Valdres
Vang i Valdres
Av .

Valdresmål er ein norsk dialekt som høyrer til det midlandske målområdet. Valdres ligg mellom Hallingdal og Gudbrandsdalen. Valdres og Hallingdal høyrde fram til 1737 til same prosti, og valdresmålet har i dag mange felles dialektdrag med hallingmålet. Valdres grensar til Vestlandet, og mange særdrag i dialekta peikar vestover. Men det er dei austnorske draga som dominerer, og valdresmålet er eit jamvektsmål som høyrer inn under det austnorske jamvektsområdet.

Valdresmålet har kløyvd infinitiv. Infinitivar med gammal lang rotstaving har e-ending: å kaste, å skrive, medan dei med kort rotstaving i norrønt har former på -a: å baka og å vera. Etter j-farga konsonant blir det infinitiv på -i: å fuLji (følgje), å lijji (liggje).

Dei svake hokjønnsorda har også kløyvde former, med ulike endingar etter som ordet er jamvektsord eller overvektsord: ai viseden visa (overvektsord), men ei støgo – den støgo (jamvektsord). Valdresmålet skil likevel ikkje mellom jamvektsord og overvektsord i dei svake hankjønnsorda. Det heiter i Valdres: ain bete – fLeire beta, og ain låve – fLeire låva. Valdresmålet skil seg her frå gudbrandsdalsmålet, som har formene ein beta – fLeire beta og ein låve – fLeire låve.

Lydverk (fonologi)

Diftongar

Dei norrøne diftongane ei, au og ey/øy held seg i valdresmålet, særleg i dei øvre bygdene. Diftongane har fått ein «brei» uttale, slik ein finn det i Hallingdal (sjå nedanfor). Denne uttalen fell også saman med uttalen i dei vestnorske dialektane på andre sida av Langfjella. Det heiter i Valdres: blautblautt (adjektiv) med tydeleg a- som første vokal. Diftongen ei blir ai: bain (bein) faitfaitt (adjektiv), og diftongen øy blir åi, jf. å dåi (døy) – dåiddedåitt.

Jamning av vokalar i jamvektsord er i Valdres ikkje så markant som i gudbrandsdalsmålet og andre mål i Oppland. Valdresmålet har former som å baka, å løva (lova) og å søva, ikkje jamningsformer som båkå, låvå og såvå som gudbrandsdalsmålet.

Tjukk l

Valdresmålet har tjukk l av gammalnorsk l og gammalnorsk rd: Ola, bLo og gaL (gard), gjæLe (gjerde). Bygda Vang øvst i Valdres har tjukk l berre av l (soL) og ikkje av rd (bor).

Konsonantsamband

Konsonantsambanda mb, ld og nd held på den gammalnorske uttalen, jamfør lamb (eit lam), kvæld og hønd (hand). Gammalnorsk fn er vdn: javdn (jamn), og gammalnorsk rn er dn; bjødn (bjørn) og kødn (korn).

Om vokalane kan nemnast: Særlig i de øvre bygdene i Valdres er u og o opne: u i skriftspråket blir uttalt som o og o i skrift som å eller ø. Diftongane er breie: ain (ein), haust, råise (reise).

Formverk (morfologi)

Substantiv

Bestemt form eintal av hokjønnsord har delt ending, med typeformer som den sole (bestemt form sterkt hokjønnsord), den visa, den veko (bestemt form av svake hokjønnsord, eit overvektsord (visa) og eit jamvektsord (veko).

Det tradisjonelle valdresmålet har levande dativbruk. Dette kjem fram i bøyinga av substantiva og dei personlege pronomena. Døme på dativbruk er (på) stave, (i) neva, (i) boken, (i) visun, (på) føto (på føtene), (på) garo (på gardane). Jamfør også setningane: «dai gjorde manne ai tenist» (dei gjorde mannen ei tenest) og «dai lånte hono peing» (dei lånte han pengar).

Verb

Fleirtalsbøying av verb kan ein ennå høyra hos eldre folk, og då helst i dei øvre bygdene (typen: e kjem, men me koma). Fleirtalsformene i presens er alltid lik infinitiv. Berre dei sterke verba har fleirtalsformer i preteritum, sjå døme nedanfor.

Valdresmålet har sju klasser av sterke verb. Her følgjer døme på 1., 3. og 6. klassa:

Klasse Infinitiv Presens Preteritum Perfektum
1 å bite bit’e bait – beto ha bite
3 å dette dett’e datt – dotto ha dotte
6 å fara fer’e for – foro ha fare

(I preteritum er ført opp eintals- og fleirtalsformer.)

Det finst fem klasser av svake verb i valdresmålet:

Infinitiv Presens Preteritum Perfektum
å kaste kasta kasta ha kasta (a-verb)
å arbeide arbaia arbaidde ha arbaitt (blanda bøying)
å vaka vake vakte ha vakt (e-verb)
å krevja krev’e kravde ha kraft (ja-verb)
å tru trur trudde ha trutt (kortverb)

Dei personlege pronomena har desse formene i eintal: e – me (meg), du – de (deg), han, i dativ hono med trykklette forma -o: «e va mæ o far i skoge». I hokjønn heiter pronomenet ho med dativforma henne, trykklett ‘n: «gje n’mor dæ».

I 1. person fleirtal heiter pronomenet vi i sør og me og i nord. 2. person fleirtal har formene de og dikka: «slo dø dikka(n)?», «e ska saia dikka(n) dæ».

Heilt i sør brukar ein nektingsordet itte, medan resten av Valdres har ikkje.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Beito, Olav T (1958): Valdres-målet. I: Valdres Bygdebok II. Gjøvik: Mariendals boktrykkeri A/S.
  • Venås, Kjell (1990): Fjell-Noreg. Valdres. I: Jahr, Ernst Håkon: Den store dialektboka. Oslo: Novus forlag. (Valdres, side 57–59).

Kommentarar (5)

skreiv Ellie Mäkelä

Eg forstår ikkje setningjen "Diftongene er brede". Kan du uppklare hvilke diftonger er kva?

skreiv Martin Skjekkeland

Hei Markus Ja, det står: "Diftongene er brede: au, ai, åi." Det Kjell Venås meiner her, er at diftongane har ein annan uttale enn den me kjenner frå t.d. opplesing av nynorsk i dag, der det er slik: æu,ei, og øy. (læus, stein og røys). Uttalen av diftongane i Valdres svarar nok meir til uttalen i gammalnorsk. Helsing Martin Skjekkeland

svarte Ellie Mäkelä

Dumt spyrsmål, men kan du heller å skriva det med IPA-teikn istedenfor? Vil det sei, "æu, ei, og øy" = [æʉ] [æɪ] [øʏ]? og "au" = [aʊ] eller [aʉ]?

svarte Martin Skjekkeland

Hei igjen Det er ikkje så lett å svara på dette. Kvaliteten på siste lyden i diftongen er det mest bare ein innfødd valdris som kan gje deg. Men eg skal prøva å finna det ut - over ferien. Helsing Martin

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg