Faktaboks

Valdres
Offisielt namn
VALDRES MEDIA AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Fagernes
Stifta
09.04.1903
Dagleg leiar
Hilde Havro
Styreleiar
Tom Martin Hartviksen
Logo
Logo
Av .
Fra redaksjonen i avisa
Hilde Lysengen Havro vart i 2020 den fyrste kvinnelege redaktøren i avisa.
Fra redaksjonen i avisa
Av .

Valdres er ei lokalavis som kjem ut i Fagernes. Avisa blei grunnlagd i 1903 og er eigd av Gudbrandsdølen Dagningen AS på Lillehammer, som kjøpte avisa av Tun Media i 2012.

Avisa er einerådande i dalen og dekkjer Valdres-regionen med kommunane Vang, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Nord-Aurdal, Sør-Aurdal og Etnedal.

Historie

Førstesiden til førsteutgaven av avisen Valdres.
Førstesiden til førsteutgaven av avisen Valdres.
Lisens: CC BY SA 3.0
Avishovud frå 1903 til i dag
Avishovud frå 1903 til i dag
Av .

Mange hadde nok i byrjinga av 1900-talet sysla med tanken om at Valdres som andre område måtte få sitt eige lokalblad, men det skulle fort vise seg at oppfatningane var delte med omsyn til politisk profil og utgivarstad. Aurdal var framleis det administrative og kulturelle tyngdepunktet i dalen, og der var òg kjernen mellom dei som i 1903 fann tida inne til å dra i gang avisa Valdrissen. Men Fagernes var på veg inn som ein farleg rival, som folk elles i dalen tok til å finne det verd å satse på.

Det må i begge leirar ha vore gjort ein del førebuande arbeid i det stille, for begge avisene kasta seg ut på ein liten marknad om lag samstundes. Tre veker etter Valdrissen kom avisa Valdres ut på Fagernes med det første ordinære nummeret, 7. april 1903. Valdrissen kjempa tappert, men måtte gi opp etter to år, i 1905. I 1926 dukka det opp ein ny rival til Valdres, også han i Aurdal. Namnet var Valdres Tidende, og karrieren kom til å vare berre eit års tid. Endå eit lite blaff følgde med Valdres Blad, men i 1929 var også dette eventyret over. Avisa Valdres hadde ein svært vanskeleg økonomi, og grannelaget hadde til tider vore ampert. No blei alt trykkjeriutstyr i Aurdal kjøpt og overført til Fagernes.

Valdres tok frå første stund mål av seg til å vere eit samlande organ for dei seks herada i dalføret – Etnedal, Sør- og Nord-Aurdal, Øystre og Vestre Slidre og Vang – og det blei vedtektsfesta at desse herada skulle ha kvar sin representant i styret. Politisk sett skulle bladet vere uavhengig. Det blei lenge ein arena berre for menn, det skulle gå akkurat hundre år før styret fekk sin første kvinnelege leiar. Og om rivalane i si tid representerte dei høgare laga i samfunnet, er det lett å sjå at også dei som dreiv Valdres fram, var blant «dalens fremste menn».

Med tidlegare tiders kommunikasjonar og lang avstand til moglege samarbeidspartnarar måtte avisa frå første stund vere komplett utstyrt på den tekniske sida. Dette gav ein overkapasitet som er blitt utnytta ved at avisa har teke på seg trykkjeoppdrag.

Med ein liten stab var jamvel fire eller seks sider til tider vanskelege å fylle. Derfor var det lenge slik at riksnyhende tok ein stor del av plassen, og NTB var ein trufast leverandør. Først etter at Jostein Pedersen hadde overteke som redaktør i 1978, blei fjernskrivaren kasta ut. Sidan den tid har Valdres lagt vekt på å reindyrke ein lokal profil. Dei mange hytteeigarane i Valdres har òg gitt eit godt tilskot til opplagstalet.

Det har aldri vore vedtektsfesta, men har likevel stått som eit grunnprinsipp at i spaltene skulle både nynorsk og bokmål ha sin rimelege del av plassen. Internt har det vore snakka om ei 50–50-fordeling, i samsvar med det ein finn elles i distriktet.

Opplag

Opplagstall for Valdres, 1986-2022

1986 9191
1988 9545
1990 9659
1991 9812
1992 10031
1993 10143
1994 10098
1995 10148
1996 10158
1997 10153
1998 9723
1999 9765
2000 9714
2001 9716
2002 9640
2003 9567
2004 9696
2005 9675
2006 9501
2007 9203
2008 9342
2009 8815
2010 8609
2011 8313
2012 8513
2013 7948
2014 7941
2015 7754
2016 7378
2017 7635
2018 8464
2019 8763
2020 9118
2021 9396
2022 9449
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1932 3000
1950 5591
1960 6024
1970 6336
1983 8869
1996 10158
2008 9342
2015 7752
2020 9118

Til og med 2015 er opplagstallene for papirutgaven. Fra 2020 brukes netto opplagstall for digitalt abonnement og papirabonnement. Opplagstallene er de som rapporteres til Mediebedriftenes Landsforening i andre halvår.

Lesartal

Totale lesartal for papir og digitalt, inkludert ope innhold ein gjennomsnittsdag i 2015 var 21 000 (Mediebedriftenes Landsforening).

Fakta

  • Valdres prøvenr. 14.3.1903, fyrste ordinære nr. 7.4.1903.
  • Valdrissen, fyrste nr. 17.3.1903. Siste nr. 4.3.1905, deretter opptatt i Valdres.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Robøle, Olav m.fl., red. (2004). 100 år i Valdres: Avisa «Valdres» 1903-2003

Faktaboks

Valdres
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg