Faktaboks

Vårt Land
Offisielt namn
VÅRT LAND AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Oslo
Dagleg leiar
Bjørn Kristoffer Bore (sjefredaktør)
Styreleiar
Per Magne Tveiten
Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Vårt Land er ei uavhengig kristeleg dagsavis med opphav i Oslo. Vårt Land blei grunnlagt i 1945, og kjem ut mandag til laurdag. Eigd av Mentor Medier. Sjefredaktør og administrerande direktør: Bjørn Kristoffer Bore.

Historie

Oppstart

Avisa blei etablert ved slutten av andre verdskrigen av mellom andre Ronald Fangen og Einar Kvale. Mange hadde tenkt og drøymt om å reise ei kristeleg dagsavis i Oslo, og okkupasjonen hadde drive folk inn i kyrkjebenkar og bedehus.

Ideologi og trusspørsmål

Avisa var eit forsøk på å skape ei kristeleg dagsavis, og lenge var det strid om kva det skulle innebere. Lekmannsrørsle og kyrkjefolk med sprikande syn hadde funne nærmare saman under krigen, men etter frigjeringa melde dei ulike interessene seg. Kinoannonsane blei den store skiljande symbolsaka. Før og under krigen hadde somme funne kristendomen meir liberal enn før. Mellom andre forfattaren Ronald Fangen ønska ein opnare kultur kring trua i Vårt Land, medan professor Hallesby var meir konservativ.

Avisa var snart på randa av samanbrot i strid og økonomi. Vårt Land var lenge berre fire sider, med redaksjonen prøvde likevel å følgje med i verda. Kristendom i konservativ utforming heldt dei redaksjonelle linjene i forsvar, under leiing av redaktøren Bjarne Høye. Redaksjonen sitt bilete om det «normale» skulle verjast mot liberal teologi og kommunisme.

Utvida perspektiv og utvikling

Opplagstallet til Vårt Land sank fram mot byrjinga av 1970-åra. Men frå 1960-åra utvida avisa perspektivet, med ein ny generasjon med nye tonar, moderne journalistikk, ny teknologi, fargar, open debatt og innsyn i konfliktar. På leiarplass fekk etiske og teologiske spørsmål eit større rom, slik at balansen heldt innanfor lesarflokken. I 1981 kom òg kinoannonsane inn i Vårt Land.

Thor Bjarne Bore si redaktørperiode frå 1974 til 1983 blei prega av meir moderne journalistikk og aukande opplagstal. Vårt Land fekk særleg ord på seg for å vere ein «redaktørskule» i Bore si redaktørtid, etter kvart som fleire av dei dugande medarbeidarane tok over leiinga av andre og større aviser. Den nye generasjonen gjorde Vårt Land til den største kristelege avisa i Noreg i tida etter krigen.

Vårt Land fekk i 1983 tildelt norsk presse si høgaste utmerking, Narvesenprisen, av Norsk Presseforbund. Ved tildelinga blei redaksjonen rost for god utvikling av journalistikk og produkt, trass knappe ressursar.

Eigarskap

Med utgangspunkt i Vårt Land er det bygd opp ei mediegruppe som mellom anna omfattar Dagsavisen og den svenske avisa Dagen. Konsernet fekk i 2009 namnet Mentor Medier, som tidligare var namnet på eit av datterselskapa.

Opplag

Opplagstall for Vårt Land, 1986-2022

1986 27957
1988 27370
1990 27014
1991 27050
1992 27232
1993 29095
1994 30219
1995 30056
1996 30005
1997 30292
1998 30085
1999 29937
2000 29578
2001 29131
2002 27770
2003 26782
2004 27880
2005 29158
2006 27422
2007 27146
2008 26344
2009 25557
2010 24781
2011 24448
2012 24471
2013 23682
2014 22630
2015 22886
2016 22864
2017 21503
2018 21376
2019 22786
2020 23581
2021 22434
2022 21823
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1950 18856
1953 27465
1960 23719
1970 19608
1983 26130
1998 30085
2008 26344
2016 18414

Lesartal

Totale lesartal for papir og digitalt, inkludert ope innhald ein gjennomsnittsdag i 2016 var 89 000 (Mediebedriftenes Landsforening).

Fakta

  • Fyrste nr. 31.8.1945
  • Avisa gjekk over til tabloidformat i 1968
  • Nettavis sidan 1996

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Voksø, Per: I strid siden freden : historien om Vårt land 1945-1995, 1994.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010 .

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar.

Faktaboks

Vårt Land
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg