Utvær er ei øygruppe i Solund kommune i Vestland fylke. Øyane er freda som naturreservat.

Utvær ligg nordvest for munningen av Sognefjorden og har eit areal på 0,2 kvadratkilometer.

Medan Utvær framleis hadde fastbuande, var det den vestlegaste øya i Noreg det budde folk på. I vest ligg Steinsøy, som er Noregs vestlegaste øy, medan Holmebåen vest av Solund er det vestlegaste punktet i Noreg.

Utvær fyrstasjon var bemanna i åra 1900–2004. Fram til byrjinga av 1700-talet var Utvær eit fiskevær med eiga kyrkje.

Aust og sør for Utvær ligg øyane Indrevær, Nautøy og Husøy, der det tidlegare var gjesteheim. Husøy har ei god hamn og hadde soknekyrkje fram til 1896. Innanfor øyane går Straumsfjorden i retning nord–sør.

Kart

Utvær
/Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg