Faktaboks

Etymologi

Eldste skriftform Wolufoss (1439). Eidselva kan ha hett Vála på norrønt.

Innbyggjartal
2299 (SSB, 2023)
Landareal
2,3 km²
Tettstadsnummer
3072 Ulefoss
Ulefos Hovedgaard

Ulefos gård. Hovudbygningen blei oppført i 1802–1807 for verkseigar Niels Aall og er rekna som noko av det ypparste av klassisistisk arkitektur i Noreg.

Ulefoss er ein tettstad i Nome kommune i Telemark. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,3 km², og har 2299 innbyggjarar (2023).

Ulefoss er administrasjonssenter i Nome kommune, og ligg ved Norsjø, på begge sider av fossen Ulefoss i Eidselva.

Ulefoss er mykje av ein industristad. Industrien var opphavleg knytt til to storgardar med tilhøyrande næringsverksemd, Holla (Holden) sør for elva tilhøyrande familien Cappelen, og Ulefoss hovudgard nord for elva som er eigd av familien Aall. Begge har kraftverk i Eidselva og store skogeigedommar. Ulefos Jernværk er Noregs eldste industriverksemd. Forutan Aalls og Cappelens verksemder har Ulefoss nokre mindre bedrifter.

Ulefoss er utgangspunkt for Bandak-Norsjøkanalen. Gjennom tre slusar ved Ulefos Bruk (Eidsfoss sluseanlegg) blir båtane førte forbi den 11 meter høge fossen. Både Holla og Ulefoss gard har freda bygningar. Ved Holla gard ligg òg ruinane av Holla gamle kyrkje frå mellomalderen. Romnes kyrkje nord for Ulefoss er ei mellomalderkyrkje. Sør for tettstaden ligg Fensfeltet med mange sjeldne mineral. Her var Søve niobgruver i drift i 1950- og 1960-åra.

Kart

Ulefoss
Ulefoss
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg