Tustna er ein tidlegare kommune i Møre og Romsdal fylke, nordaust for Kristiansund. Kommunen vart oppretta i 1873 ved utskiljing frå Edøy. I 1965 vart Tustnas del av Ertvågsøya overført til Aure.
Før samanslåinga med Aure i 2006 bestod Tustna kommune av øyane Tustna (89 kvadratkilometer), Stabblandet (Stabben; 40 kvadratkilometer), og nokre mindre øyar vest og nord for desse, i alt 141 kvadratkilometer, med 1006 innbyggjarar ved samanslåinga. Seinare har folketalet i tidlegare Tustna sokke til 931 innbyggjarar (2020), som utgjer 27 prosent av befolkninga i heile Aure kommune.
Namnet kjem truleg av eit fjellnamn, norrønt ðústr, 'stav, lurk'. Men kan òg vere opphavleg øynamn, av ðurr, 'tørr'.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.