Bolivia (Næringsliv) (øk. kart)

Økonomisk aktivitet i Bolivia.

Av /Store norske leksikon ※.
Bolivia, Potosi

Frå tinnutvinning i Potosí. Gruvene her var tidlegare blant dei rikeste sølvgruvene i verda. Potosí står på UNESCO si liste over verdas kultur- og naturarv. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Bolivia er kjend for fargerike tekstilar.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Bolivia er eit lågare mellom-inntektsland i Sør-Amerika, utan kystlinje og rikt på naturressursar. Jordbruk, olje- og gassverksemd og mineralutvinning er viktige næringar, både historisk og i dag. Landet er i liten grad industrialisert, eksporterer i hovudsak råvarer og er dermed sårbart for prisendringar i verdsmarknaden.

Jordbruk

Jordbruket sysselset 29 prosent (2021) av arbeidsstokken og står for 14 prosent (2020) av bruttonasjonalproduktet (BNP). På høgsletta Altiplano er jordbruket prega av tradisjonelle og arbeidskraftintensive metodar med låg mekaniseringsgrad og produktivitet. Her er jordareala i hovudsak små, og dei klimatiske forholda er vanskelege. Poteter, mais og korn vert i hovudsak dyrka til eige forbruk og til sal på lokale marknadar. Quinoa, eit gamalt kornslag frå Andes og viktig reserve for fattige bønder, har det siste tiåret blitt etterspurt på den internasjonale marknaden.

Jordbruket i det tropiske låglandet i aust, særskild rundt Santa Cruz, er meir intensivt og industrialisert. Ris, sukkerrøyr, soya og bomull er viktige produkt, også for eksport. I dei bratte dalsidene i Yungas og i Chaparé vert det dyrka mellom anna sitrusfrukter og bananar. I dei same områda vert det meste av kokabusken dyrka. Kokablad blir brukt til å tygge, til te og i ulike kosmetiske produkt. Samstundes er dei råstoff i kokain og dermed på FN si liste over illegale rusmidlar. Bønder i Bolivia vert derfor både oppmoda og pressa til å erstatta dyrking av koka med andre produkt.

Husdyrhald er viktig i Bolivia. Santa Cruz er sentrum for det viktigaste kvegdistriktet. På Altiplano er sau og geit dei viktigaste husdyra. Lama og alpakka vert i hovudsak nytta til transport, men gir også ull og kjøt. Husdyrhald er mogleg heilt opp til 5000 meter over havet. Kjøt, skinn og ull er viktige eksportvarer.

Mineraler, gass og olje

Mineralutvinning har vært historisk viktig i Bolivia, og gull, sølv, tinn og sink er i dag viktige eksportvarar. Inntektene frå denne sektoren er svært sårbare for svingingar i pris og etterspurnad.

I kolonitida vart store mengder sølv henta ut frå fjellet Cerro Rico i Potosi. Det var ei viktig inntektskjelde for Spania, medan urfolk vart nytta som slavar i gruvene. Tinn vart ei viktig ressurs på 1900-tallet og ei kjelde til rikdom og makt for ein liten elite. Etter den bolivianske revolusjonen i 1952 vart gruvene nasjonaliserte og gruvearbeidarane ein viktig politisk aktør. Fall i tinnprisar på verdsmarknaden og privatisering frå 1980-tallet førte til at mange gruvearbeidarar migrerte til andre delar av Bolivia.

Dei seinare åra er stadig nye område med mineral blitt utforska. Utvinninga av gull har skutt fart, og i 2021 utgjorde det 6,2 prosent av BNP. Både lovleg og ulovleg verksemd, ofte i sårbare og verna naturområde, fører stadig til konfliktar. Litium-ressursane i Salar de Uyuni er også ettertrakta på verdsmarknaden, og i 2013 oppretta regjeringa ein litium-fabrikk. Kinesiske lån og investeringar er viktige både i utvinning av litium og gull.

Olje og naturgass vert utvinne i låglandet aust for Andesfjella. Dei første oljefelta vart satt i drift i 1927. I siste del av 1990-åra vart det funne fleire nye naturgassfelt, og eigarskap og inntekt frå olje- og gass var ei sentral sak i det politiske skiftet då Evo Morales vart president i 2006. Han nasjonaliserte olje- og gassindustrien, og dei auka prisane på verdsmarknaden sikra staten solide inntekter fram til prisane igjen fall frå 2014.

Industri

Trass politiske ambisjonar dei siste tiåra er industrien lite utvikla, og i 2021 sysselsette den cirka 19 prosent. Dei viktigaste bransjane er petroleumsraffinering, produksjon av næringsmidler og drikkevarer og metallindustrien. Tekstilindustrien er konsentrert til La Paz og Cochabamba. I Oruro er det smelteverk for tinn og litiumfabrikk. Eit petrokjemisk kompleks er bygd i Santa Cruz, og mindre oljeraffineri finn ein i Cochabamba, Sucre, Camiri og Sanandita.

Service og uformell sektor

Bolivia har ein stor uformell sektor, med heile 83,7 prosent av dei sysselsette (ILO 2022). Mange er blant dei 52 prosent som jobbar i servicesektoren. Kjøp og sal av ulike varer og tenestar er levebrød for mange, og desse står utan sosiale ordningar. Andelen barnearbeid er også høg, og 15 prosent av barn mellom 7 og 14 år er i jobb (ILO 2020).

Utanrikshandel

Dei viktigaste eksportvarene er gull, naturgass, sink, sølv og soyaprodukt (2021). Brasil og Argentina har lenge vore viktige handelspartnarar, men Kina er no blitt ein av dei tre største (2021). Lån og investeringar frå Kina er heilt sentrale i utvinninga av mellom anna litium og gull. Den illegale handelen med kokain er sett på som betydeleg.

Samferdsel

Vegnettet i Bolivia er cirka 91 000 kilometer. Hovudvegane mellom dei store byane er forbetra dei seinare åra, men mesteparten av dei mindre vegane er framleis utan fast dekke. Manglande investeringar, eit vanskeleg terreng og spreidd busetting gjer at mange manglar tilgang på transport heile eller delar av året.

Bolivia har fungerande togforbindelse frå Oruro til Villazón på grensa til Argentina. I tillegg går det tog frå Santa Cruz til grensene til Brasil og Argentina. I 2022 fekk byen Cochabamba elektrisk trikk som knyt saman ulike delar av byen.

Flytrafikken er relativt godt utbygd, med internasjonal lufthamn i La Paz og Santa Cruz og flyplassar i dei fleste andre større byar.

Taubanen mellom La Paz og El Alto vart opna i 2018 og bind saman ulike delar av dei to byane.

Energi

Bolivia var i ein periode Sør-Amerikas største eksportør av naturgass, men etter 2014 har produksjonen sunke. Rikeleg tilgang på olje og naturgass har ført til eit energiforbruk dominert av fossil energi, som i 2019 utgjorde over 90 prosent. Samla energiforbruk var då 382 petajoule (PJ). Det tilsvarer eit forbruk per innbyggjar på 33,3 gigajoule (GJ). Til samanlikning er gjennomsnittet for heile verden 79 GJ.

Olje er den viktigaste energikjelda med ein andel på 48 prosent. Landet har eigen produksjon av råolje, men mangel på raffinerikapasitet gjer at petroleumsprodukt likevel i stor grad må bli importert.

Den viktigaste fornybare energikjelda er bioenergi med ein andel på rundt 7 prosent. Over 40 prosent av befolkningen i dei rurale områdene er avhengig av ved som energikjelde for dagleg matlaging og oppvarming. Bolivia har gode forhold for å utnytte solenergi, særleg i dei sørvestlege områda der potensiell årleg produksjon ligg mellom 2000 og 2300 kWh per installert kWp. Eit stort solcelleanlegg vart fullført i Oruro i 2021.

I 2019 var produksjonen av elektrisk energi 9,8 terawattimer (TWh). I kraftmiksen dominerer naturgass med ein andel på 65 prosent. Vannkraft var den viktigaste fornybare energikjelda med ein andel på 30 prosent. Sluttforbruket per innbyggjar var cirka 800 kWh i 2019, ei auke fra 300 kWh i 1990.

Etter ei omfattande elektrifisering av landet hadde nær 98 prosent av befolkninga tilgang til elektrisitet i 2020.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg