Turid er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Þúríðr av Þór-ríðr. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Tor. Etterleddet tyder ‘vakker’. Etterleddet -ríðr kjem av -fríðr.

Turid hadde i norrønt dei same ledda som det nylaga Torfrid.

Namnet har fleire variantar: Thurid, Turi, Turid.

Namnedag er 8. januar. Torfinn har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Turid

Eit utval personar med namnet Turid, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 9 913 kvinner i Noreg som hadde Turid som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Turid var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske kvinner.

Utvikling i bruk av namnet

Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp i perioden 1925–1944, til dømes Jorunn, Tordis og Svanhild. Dette gjeld også Turid som var mest brukt 1940–1944.

Utvikling i bruk av namnet Turid frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Turid frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Turid på 1800-talet.

Turid og Thuri var mest brukt i Buskerud og Telemark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Turid på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Turid og Thuri var mest brukt i Buskerud og Telemark. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Thurid.)

Historisk bruk av namnet Turid
Historisk bruk av namnet Turid
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg