Trym er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Þrymr. Gudenamnet Trym kan ha same bakgrunn som det norrøne ordet zrymr som tyder ‘bulder’. Også andre tydingar er foreslått.

Namnedag er 9. september. Trygve og Tyra har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 613 menn i Noreg som hadde Trym som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 62 gutar som fekk namnet Trym.

Utvikling i bruk av namnet

Trym høyrer til ei lita gruppe einstava nordiske namn som har fått toppfasen sin etter år 2000. Dette gjeld også Ask, Gard og Storm. Hovudtyngda av dei einstava nordiske namna var på topp innanfor perioden 1920–1979, til dømes Bjørn, Dag, Finn, Geir, Jarl, Kjell, Leif/Leiv, Odd, Rolf/Rolv, Stein/Sten, Svein/Svenn og Ulf.

Utvikling i bruk av namnet Trym frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Trym frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Magnússon, Ásgeir Blöndal 1989: [Íslensk orðsifjabók]. Reykjavík.[/li][li]
  • Olsen, Magnus 2016: Fra Norges kystled. Nogle ønavne forklarede. Namn och Bygd 4.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg