Faktaboks

Innbyggjartal
873 (SSB, 2023)
Landareal
1,2 km²
Tettstadsnummer
1612 Tretten
Tretten stasjon, 2013
Tretten kirke, 2017

Tretten er ein tettstad i Øyer kommune i Innlandet. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,2 km², og har 873 innbyggjarar (2023).

Tretten ligg ved E6, 20 km nord for Lillehammer.

Tretten har næringsmiddelindustri (ysteri), trevareindustri, skiferproduksjon, trykkjeri og plastindustri. Staden har stor turisttrafikk.

Stav ved Tretten er ein gammal marknadsplass, hestemarknaden i november er eit av dei eldste i sitt slag i landet. Tretten kyrkje, som ligg i tettstaden, er frå 1728. Gamle Moksa kraftstasjon er restaurert til kulturformål.

Tretten bru, som går over Lågen, kollapsa 15. august 2022. Dei som var på brua da det skjedde blei redda av hjelpemannskap. Ved Tretten stasjon skjedde i 1975 ei av dei verste jernbaneulykkene her i landet, sjå Tretten-ulukka.

Tretten vart sterkt øydelagt i samband med storflaumen i 1995, då elva Moksa endra løp og øydela fleire hus.

Namnet kjem av norrønt Þrættin, av þróttr, 'uthald, styrke', og vin, 'eng'; kanskje brukt som idrettsplass.

Kart

Tretten
Tretten
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg