Faktaboks

Tove Bull
Fødd
31. oktober 1945, Alta
Verke
Språkforsker
Familie

Foreldre: Arbeider Kaare Bull (1920–1999) og bademester Sonja Margrethe Gullhav (1923–2012).

Gift 1) 25.3.1967 med lege Steinar Jæger (23.11.1942–), ekteskapet oppløst 1974; 2) 17.7.1977 med høgskolelektor Svein Pedersen (28.9.1934–).

Tove Bull
Tove Bull
Av /UiT.
Mikhail Gorbatsjov, æresdoktor ved Universitetet i Tromsø, 14. mai 1998

Tove Bull var rektor ved Universitetet i Tromsø i 1996–2001. Her frå då Mikhail Gorbatsjov fekk æresdoktordiplom frå Universitetet i Tromsø i 1998. Frå venstre universitetsdirektør Harald Overvaag, Mikhail Gorbatsjov, Rajsa Gorbatsjov og rektor Tove Bull.

Mikhail Gorbatsjov, æresdoktor ved Universitetet i Tromsø, 14. mai 1998
Av /NTB.

Tove Bull er ein norsk språkforskar. Ho var rektor ved Universitetet i Tromsø frå 1996 til 2001.

Bakgrunn

Tove Bull er cand.philol. sidan 1972 frå Universitetet i Trondheim (no NTNU) med nordisk hovudfag. Ho var tilsett ved Tromsø lærarhøgskule i 1973–1984, først som lektor, frå 1983 som førsteamanuensis. Ho vart førsteamanuensis i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Tromsø i 1984–1990 og professor frå 1990. Bull var prorektor ved Universitetet i Tromsø i 1990–1995 og rektor same staden i 1996–2001.

Vitskapleg virke

Bull sitt vitskaplege virke har særleg dreidd seg om lese- og skriveopplæring, nordnorsk dialektologi, språksosiologi og språkkontakt. Viktige arbeid er antologien Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg (redigert saman med Kjellaug Jetne, 1982) og monografien Lesing og barns talemål (1985), og sistnemnde rapporterer frå Bull sitt prosjekt med lese- og skriveopplæring på dialekt i byrjinga av 1980-åra.

I ei rekkje artiklar om dialektar og språkforhold i Nord-Noreg har Bull særleg vektlagt språkkontakten mellom norsk og samisk. Ho har mellom anna vist korleis den spesielle språkkontaktsituasjonen som ein del nordnorske dialektar har vakse fram, kan forklare systematiske trekk i lydsystemet (fonologien).

Andre verv

I språkdebatten har Bull markert seg som ein talsperson for nynorsk, og i 1981–1987 var ho styremedlem i Noregs Mållag. Ho har elles hatt ei lang rekkje faglege og administrative verv. Ho var medlem av Norsk språkråd i 1980–1995, der ho sat i fagnemnda i 1983–1988 og var leiar av nynorskseksjonen i 1988–1995. Ho var medlem av Det norske universitetsrådet frå 1990 og leiar der frå 1999. Medlem av Universitets- og høgskuleutvalet i 1992–1993, av Ytringsfrihetskommisjonen i 1996–1999 og medlem av styret for NRK frå 1999.

Utmerkingar

Bull fekk saman med Toril Fiva, Ernst Håkon Jahr og Tarald Taraldsen (alle frå UiTø) NAVFs pris for framifrå forsking i 1990. Bull vart kommandør av St. Olavs Orden i 2006.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hvem er hvem 1994

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg