Faktaboks

Torleiv Stadskleiv

Torleiv Jørgensen Stadskleiv

Fødd
10. oktober 1865, Bø, Telemark
Død
17. august 1946, Bø
Verke
Målar
Familie

Foreldre: Gardbrukar Jørgen Olsen Stadskleiv (1828–1910) og Ingeborg Torleivsdatter Klokkerstuen (1819–1900). Ugift. Kusines son til Theodor Kittelsen (1857–1914).

Torleiv Stadskleiv

Torleiv Stadskleiv sat modell for dette biletet, måla av hans gode ven Halfdan Egedius sumaren 1895 i Bø i Telemark. I eit brev omtaler Egedius biletet som «mit portræt av Stadskleiv», men det er mest kjent under tittelen «Drømmeren». tilhøyrer Nasjonalgalleriet.. Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Torleiv Stadskleiv
Av /※.

Torleiv Stadskleiv var ein norsk målar av romantiske telemarkslandskap og teiknar av portrett og folkelivsbilete. Mange av motiva fann Stadskleiv i Lifjell i Telemark, der han om somrane budde i ei primitiv hytte, «Skrubbehiet».

Torleiv Stadskleiv var fødd i (no Midt-Telemark) i Telemark. Han fekk plass på Den kongelige Tegneskole i Kristiania (no Kunsthøgskolen i Oslo) etter tilråding frå Erik Werenskiold i 1883. Seinare var han elev av Christian Krohg, Erik Werenskiold, Eilif Peterssen og Hans Heyerdahl. I København var han i lære hos kunstnaren Kristian Zahrtmann. Stadskleiv besøkte både Italia, Frankrike og Tyskland, der han sat i musea og kopierte dei store meistrane.

Sommaren 1891 møtte Stadskleiv den 11 år yngre kunstnaren Halfdan Egedius, som han måla saman med i i åra 1892 til 1898. Dette skal ha vore Stadskleiv si beste tid, både kunstnarleg og menneskeleg.

Stadskleiv sine bilete er blitt karakteriserte som naturlyrikk, i pakt med stemningar som rådde i den nyromantiske målarkunsten og poesien i 1890-åra.

Han stilte ut ved Statens Kunstutstilling (Haustutstillinga) i 1886, hadde separatutstillingar i Kunstnerforbundet og stilte ut i kunstforeiningane i både Skien og Tønsberg. Bø museum har 40 bilete av Stadskleiv, og han er representert med to måleri i Nasjonalgalleriet.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Vaa, Dyre: Torleiv Stadskleiv, 1967
  • Østvedt, Einar: På gamle tufter. Ti Telemarks-profiler. Skien 1975

Faktaboks

Torleiv Stadskleiv
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036526000962

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg