Faktaboks

Tore på Steig
Tore Tordsson, Tore frå Steig, Steigar-Tore
Født
1030, Steig i Fron, Gudbrandsdalen
Død
1095, Vomma, Helgeland
Levetid - kommentar
omtrentlig fødselsår
Virke
Stormann
Familie

Foreldre: Storbonden Tord Guttormsson på Steig og Isrid Gudbrandsdotter, dotter til opplandshøvdingen Gudbrand Kula.

Gift, men namnet på kona er ikkje kjent.

Systerson til Åsta Gudbrandsdotter; syskenbarn til Olav Haraldsson (995–1030) og Harald Hardråde (1015–1066).

Tore på Steig var ein norsk stormann frå Steig i Sør-Fron. Han var fosterfar for Håkon Magnusson Toresfostre, son av Magnus Haraldsson. Med sin ættebakgrunn og si sterke regionale forankring vart Tore eit trugsmål mot kongsmakta i ei tid før einekongedømet i Noreg var grunnfest.

Tore hylla Håkon som Magnus Berrføtts medkonge i Trøndelag og på Opplanda i 1093. Etter at Håkon døydde i 1095, gjorde Tore opprør mot Magnus Berrføtt, men vart fanga og hengd.

Bakgrunn

Far til Tore, Tord Guttormsson på Steig, blir av Snorre kalla den mektigaste mannen i nordre del av Gudbrandsdalen. Historikar P. A. Munch har sannsynleggjort at han hadde slektstilknyting til fleire stormannsætter på Vestlandet – Sola-ætta på Jæren, Støle-ætta i Etne i Sunnhordland og Aurland-ætta i Sogn, med line til Giske-ætta på Sunnmøre. Ættegarden Steig var seinare i mellomalderen ein sentral kongseigedom, lagd til Mariakyrkja i Oslo, truleg konfiskert etter Tores opprør. Det var kyrkje på garden, i 1358 kalla kongens kapell, men ho høyrde ikkje med mellom dei 14 kyrkjene som 1308 vart skilde ut frå bispekyrkja og organiserte som eigen korporasjon.

Under Harald Hardråde

Harald Hardråde i 1046 kom til Noreg for å krevje sin kongsrett, søkte han opp i Gudbrandsdalen. Her møtte han Tore på Steig, som på det tidspunktet var 15 år gamal. Tore og Harald var syskenborn på morssida, og det vart Tore som gav Harald kongsnamn.

På Opplanda hadde Harald også andre frendar, mellom anna på storgarden Ringnes i Stange, der systera Gunhild var husfrue, gift med den mektige Ketil Kalv. Det er sannsynleg, slik Munch skriv, at hyllinga først skjedde på lokalt ting i Gudbrandsdalen og seinare vart stadfesta på Åkratinget, hovudtinget for Opplanda, der Haralds nevø og medkonge Magnus den gode var til stades. Også på Åkratinget var det Tore som gav Harald kongsnamn, ei ærefull oppgåve for ein 15-åring.

I den følgjande tida, både før og etter at Magnus den gode døydde i 1047, ser det ut til at Tore innordna seg under kongsmakta. Men opplysningar i sagaene tyder på at kong Harald ikkje hadde full tiltru til han, og det er grunn til å feste lit til at han heldt seg borte frå kongens tog til England i 1066 (sjå slaget ved Stamford bridge). Motsetningane vart synlege då Harald Hardråde døydde og dei to sønene hans – Magnus Haraldsson og Olav Kyrre – delte kongsmakta. Magnus, som Harald utpeika til konge før englandstoget, hadde Opplanda som sitt basisområde. Han døydde alt i 1069, og i den korte tida han delte kongsmakta med Olav Kyrre, ser det ut til at han i tillegg fekk tillagt Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg. Riksdelinga mellom dei to kongane Magnus og Olav avteiknar tydeleg den maktposisjonen Tore hadde, med slektstilknyting til fleire mektige vestlandsætter.

Fosterfar for Håkon Magnusson

Same år som Magnus døydde, i 1069, fekk han ein son, Håkon. Hovudmålet for Tore var å sikre regionalt herredøme, og det låg truleg eit politisk motiv bak då han tok på seg oppfostringa av Håkon, som fekk tilnamnet Toresfostre.

Etter at Magnus Haraldsson døydde, styrde Olav Kyrre som einekonge. Olav døydde i 1093, og etterlet seg sonen Magnus Berrføtt. Magnus Berrføtt gjekk inn i arven etter faren, men samstundes reiste Håkon Toresfostre arvekrav etter sin far. Tore var på den tid ein mann i 60-åra, etter sagaen tungfør og overvektig. Men han stilte seg bak fostersonen sin og fekk han hylla som konge, først på Opplanda og deretter på Øyratinget, som alt på denne tid hadde ein framskoten plass mellom dei norske hyllingstinga.

Trøndelag og Opplanda hadde høyrt med til den riksdelen far til Håkon hadde vorte tillagt som medkonge til Olav Kyrre. Tradisjonen frå denne tida bygde Håkon no vidare på, og han styrkte sin posisjon ytterlegare då han – sikkert tilskunda av Tore – tok bort fleire av dei upopulære avgiftene som trøndarane hadde vorte tvungne til å betale sidan Alfiva-tida (etter 1030).

Opprøyr mot Magnus Berrføtt

Sagaopplysningane er noko tvetydige, men det ser ut til at det var eit spent forhold mellom dei to syskenborna Håkon Toresfostre og Magnus Berrføtt. Håkon døydde brått i 1095 etter berre to år som medkonge, og Tore stod då fram som motstandar av Magnus. Han hadde tidlegare stilt seg bak legitime kongsemne; no lyfte han opp ein dansk mann, Svein Haraldsson, som rett nok var av høg byrd og på morssida kanskje hadde tilknyting til den norske kongeætta. Men han kunne ikkje hevde rett til kongetrona.

Tore reiste opprørsfana med full tilslutning frå Opplanda, og framståande vestlandshøvdingar frå Tores eigen slektskrins – Skjalg av Sola-ætta og Egil Askjellsson frå Aurland i Sogn – stilte seg bak. Men dei fekk berre delvis støtte i Trøndelag, og då Magnus Berrføtt segla mot dei med heren sin, vart overmakta for stor. Etter eit plyndringstokt nordover til Hålogaland, der høvdingsetet Bjarkøy vart avsvidd, vart Tore og Egil fanga og avretta. Svein Haraldsson berga seg, flydde til Danmark og vart seinare forsona med den norske kongen og oppteken i hirda til Øystein Magnusson.

Etterkomarar

Den maktposisjonen Tore hadde, kan forklåre at kongsmakta slutta fred med hans etterslekt. Han hadde sonen Guttorm, som tok over Steig som kongens leiglending, og i alle fall ei dotter, som vi ikkje kjenner namnet på. Guttorms dotter Gunhild vart gift med kong Øystein Magnusson, og ein dotterson til Tore, lendmannen Aslak Erlendsson på Hernar (i Manger, Nordhordland), høyrde til Inge Krokryggs flokk då Sigurd Slembe vart drept i Bergen i 1155.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarer

Kommentarer til artikkelen blir synlig for alle. Ikke skriv inn sensitive opplysninger, for eksempel helseopplysninger. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg