Faktaboks

Tore Ørjasæter
Fødd
8. mars 1886, Skjåk, Innlandet
Død
29. februar 1968, Lillehammer, Innlandet
Verke
Forfattar
Familie

Foreldre: Lærar og gardbrukar Hans Magnus Ørjasæter (1851–1939) og Rønnaug Toresdotter Slette (1855–88).

Gift 24.2.1921 med Aaslaug Skaaden (3.9.1896–27.10.1988) dotter til gardbrukar Jon (John) Johannessen Skaaden (1849–1937) og Anna Vedum (1863–1944).

Svigerfar til Tordis Ørjasæter (1927–).

Tore Ørjasæter
Tore Ørjasæter i 1961.
Av /Nasjonalbiblioteket.

Tore Ørjasæter var ein norsk forfattar. Både som lyrikar og dramatikar reknast Ørjasæter som ein av våre fremste. Sentralt i heile forfattarskapen til Ørjasæter er korleis menneske vert dregne mellom motstridande krefter. Han er best kjend for diktet «Å, Vestland, Vestland».

Bakgrunn

Tore Ørjasæter var fødd i Skjåk i Gudbrandsdalen. Etter at helseproblem gjorde at han ikkje kunne ta del i arbeidet på garden, var han elev ved Voss folkehøgskule, før han tok til på lærarskulen i Volda. Her gav han seg etter eitt år, og resten av livet levde han av skrivinga.

Han debuterte med diktsamlinga Ættar-arv i 1908 og gav i alt ut 12 diktsamlingar. Gjennombrotet kom med diktsyklusen Gudbrand Langleite, der det første av tre band kom i 1913. Denne syklusen vart ikkje avslutta før i 1927, men han kjende seg ikkje heilt ferdig med verket, og i 1941 kom det i ei ny og samla utgåve, der slutten var endra. Gudbrand Langleite må òg reknast som hovudverket hans. Dessutan skreiv han òg fire skodespel, men når ikkje dei same høgdene som dramatikar. Han var mest aktiv som diktar i tida før andre verdskrigen.

Formande år

Ørjasæter voks opp på garden Slette i fjellgrenda Bråtå i Skjåk. Med unntak av dei to skuleåra på Voss og i Volda, budde han heile livet på austsida av langfjella. På farssida slekta han frå Geiranger, så han stod med eitt bein på kvar side av vasskiljet, og dette spennet viser att i mykje av diktinga hans.

Han treivst med arbeidet på garden, og han sa sjølv at hadde det ikkje vore for at han fekk magesår som ung, hadde han aldri vorte diktar. Etter ein operasjon på Rikshospitalet var ikkje helsa sterk nok til gardsarbeid, og han laut sjå seg om etter andre levevegar. Han sa seinare at utan dette magesåret hadde han neppe skrive ei einaste verseline.

Skuleåret 1905–1906 var han elev ved Voss folkehøgskule, og styraren der, Lars Eskeland, inspirerte han til å skrive dikt. Han fekk det første diktet sitt på trykk i Unglyden, som kom ut på Voss, og dei neste fem åra hadde han meir enn 25 dikt på trykk i denne avisa. Fleire av desse dikta kom med i debutsamlinga Ættar-arv, som kom i 1908. Ørjasæter likte seg ved folkehøgskulen, og nokre år seinare var han eitt år ved Gausdal folkehøgskule – ikkje som elev, men som samtalepartnar for Olav Aukrust, som var styrar der.

Forfattarskapen

Trilogien Gudbrand Langleite

Hovudverket hans er trilogien om Gudbrand Langleite, der første bandet kom i 1913. Gjennom dei tre banda følgjer vi hovudpersonen frå vogge til grav, men diktsyklusen er mykje meir enn ein dikta biografi. Hovudpersonen vert dregen mellom å vere bonde og kunstnar, og lever òg i ei tid då heile den norske landsbygda vert modernisert. Verket får godt fram desse skilja, og er fylt med tankar og refleksjonar. Korleis menneske vert dregne mellom motstridande krefter står sentralt i heile forfattarskapen til Ørjasæter. Han vekslar mellom ulike verseformer og stilar. Det siste bandet i trilogien, Skuggen, kom i 1927, og det sluttar med at Gudbrand Langleite døyr. I 1941 kom ei samla og sterkt omarbeidd utgåve av trilogien, der mellom anna slutten var heilt endra, slik at Langleite fekk leve.

Parallelt med trilogien gav han ut fleire diktsamlingar. Det er sett tone til fleire av dikta hans, og midt i 1980-åra gjorde Sissel Kyrkjebø diktet «Å, Vestland, Vestland» landskjent.

Anna dikting

Ørjasæter skreiv òg fire skodespel og ein roman, men i desse bøkene når han aldri like høgt som i lyrikken. Fram til midten av 1920-åra var han mykje på reise i Europa, og frå desse reisene skreiv han mykje til aviser og blad. Han samla desse artiklane i to bøker. Artiklane kan minne om reisebrev, men dei handlar meir om han som skriv, enn om stadene han vitjar.

Frå midten av 1920-åra budde Ørjasæter på Øyer, der kona hans var frå. Han fekk statens diktarløn frå 1929 og sette då opp ei stove på farsgarden. Denne stova vart brukt som diktarstove og sommarheim. Frå 1950 gjekk det likevel lenge mellom nye bøker frå Ørjasæter, han kjende seg ikkje like godt heime i den nye og moderne lyrikken.

Utmerkingar

Ørjasæter fekk fleire prisar og utmerkingar, mellom anna Doblougprisen i 1952, og Melsomprisen for Den lange leid i 1967. I 1986 vart han heidra med eit eige frimerke.

Utgivingar

Lyrikk

  • Ættar-arv (1908)
  • I dalom (1909)
  • Gudbrand Langleite (1913), Gudbrand Langleite-trilogien 1
  • Manns kvæde (1915)
  • Bru-millom (1920), Gudbrand Langleite-trilogien 2
  • Skiringsgangen (1925)
  • Skuggen (1927), Gudbrand Langleite-trilogien 3
  • Elvesong (1932)
  • Livet skal vinne (1939)
  • Gudbrand Langleite (1941), ny og samla utgåve av trilogien Gudbrand Langleite, med endringar
  • Livsens tre (1945)
  • Ettersommar (1953)
  • Klårhaust (1963)

I tillegg kom diktsamlingane Eldringen. Utvalde dikt (1924) og Den lange leid. Dikt i utval ved Leif Mæhle (1966) medan han levde.

Prosa

  • Fararen (1922)
  • Uppheimen på Sandnes. Forteljing um ein fantast (1933), roman
  • Jonsokbrev. Nye fararskildringar (1936)
  • Svein Kvittingen. Ei forteljing frå fjellbygda (1950)

Dramatikk

  • Jo Gjende (1917)
  • Anne på Torp (1930)
  • Christophoros (1948)
  • Den lange bryllaupsreisa (1949)
  • Brudekrona. Eventyrspel (1956)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Faktaboks

Tore Ørjasæter
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036426002122

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg