Faktaboks

Innbyggjartal
880 (SSB, 2023)
Landareal
1,3 km²
Tettstadsnummer
4111 Tonstad
Frå Tonstad går Sirdalen nordover.
Frå Tonstad går Sirdalen nordover.

Tonstad er ein tettstad i Sirdal kommune i Agder. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,3 km², og har 880 innbyggjarar (2023).

Tonstad er administrasjonssenter i Sirdal kommune, og ligg ved nordenden av Sirdalsvatnet. Tonstad kraftverk (960 MW), eitt av dei største kraftverka i landet, ligg sprengt inn i fjellet.

På Tonstad ligg to gravhauger som vitner om at stedet var eit viktig sentrum i jernalderen. De ligg rett sør for Sirdalsheimen. Den største er 35 meter i diameter og nesten to meter høg. Tonstad kyrkje er frå 1852, men på plassen har det stått to kirker tidligere, ein bygd på 1200-talet og ein bygd på 1600-talet.

Tonstad skisenter ligg 10 km vest for tettstaden.

Kart

Tonstad
Tonstad
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg