Faktaboks

Etymologi

Opphavleg elvenamn. Truleg samanheng med norrønt þot, ‘brusing’. Same rot ligg også til grunn for innsjøen Totak.

Administrasjonssenter
Dalen
Fylke
Telemark
Innbyggjartal
2 140 (2022)
Landareal
905 km²
Høgaste fjell
Kvannfjølli (1538 moh.)
Innbyggjarnamn
daling, eidsborging, skafsåing, lårdøl
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4034 (frå 2024, tidl. 3824 og 0833)

Kommunevåpenet har ein gåande svart bjørn mot ein gull bakgrunn.

Eidsborg stavkyrkje
Eidsborg stavkyrkje, i grenda Eidsborg nord for Dalen.
Eidsborg stavkyrkje

Tokke er ein kommune i Vest-Telemark, med grense i vest mot Agder. Kommunen grensar mot kommunane Vinje i nord, Seljord og Kviteseid i aust og Fyresdal i sør. Kommunen vart oppretta i 1964 ved samanslåing av tidlegare Lårdal og Mo kommunar.

Natur

Tokke

Tokke. Administrasjonssenteret Dalen ligg ved vestenden av Bandak.

Av /KF-arkiv ※.

Berggrunnen er av grunnfjellsalder og består hovudsakleg av harde kvartsittar i nord og av granittar i sør (sjå Telemarksuiten). Tokke omfattar ei rekkje forgreina dalar som ligg djupt nedskore i fjellmassane. Vassdraga frå nordvest samlar seg i elva Tokke og renn ut i vestenden av Bandak. Frå Bandak (72 meter over havet) stig fjella bratt til 800–900 meters høgd på begge sider. I vest, mot grensa til Agder, når enkelte fjelltoppar opp i over 1500 meter over havet (Kvannefjellet 1537 meter over havet og Urdenosi 1521 meter over havet).

Befolkning og busetnad

Busetnaden er tradisjonelt basert på skog- og jordbruk. I 1890 budde vel 3500 menneske innafor dagens grenser. Sidan har folketalet minka, med unntak av perioden for utbygginga av Tokke-kraftverka, som nådde høgdepunktet sitt omkring 1960. I perioden 2015–2024 avtok folkemengda med 1,8 prosent, mot ein auke på 3,0 prosent i Telemark fylke.

Hovudtyngda av busetnaden er i og omkring administrasjonssenteret Dalen. Mest busetnad for øvrig har Lårdal, Eidsborg, Skafså og Åmdals verk.

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det to tettstader i Tokke. Tettstadene er til saman 0,8 km², og omfattar 0 % av arealet i kommunen.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Dalen 569 27 % 0,8 km²
Åmot ¹ 9 0 % 0,0 km²
Sum 578 27 % 0,8 km²

* Andelen av innbyggjarane i Tokke kommune som bur i tettstaden.

¹ Tettstaden Åmot omfattar delar av kommunane Vinje og Tokke. Den delen av tettstaden Åmot som ligg i Tokke kommune omfattar 1 % av folketalet og 1 % av arealet i tettstaden.

Næringsliv

Arbeidsplassar i Tokke
Av /SSB.
Lisens: CC BY 2.0

I dag er Tokke ein moderne industri- og jordbrukskommune. Jordbruk og skogbruk har lange tradisjonar i kommunen og er framleis viktige næringar. Frå skogane vert det kvart år teke ut over 35 000 kubikkmeter tømmer. Industrien var tidlegare nært knytt til tømmerdrifta, men i dag er det mest verkstadindustri i kommunen. Tokke kommune har tradisjon for industri og eksport av brynestein heilt frå vikingtida. Kopargruvene på Åmdals Verk var i drift frå 1500-talet og fram til andre verdskrigen.

I 1950- og 1960-åra vart Tokkevassdraget utbygd, og tre av dei sju kraftstasjonane ligg i Tokke kommune.

Tokke er kommunen med tiande størst vasskraftproduksjon i Noreg, og den nest største i Telemark. Dei fem vasskraftverka i kommunen produserer til saman 2978 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Tokke (i drift fra 1961), som står for om lag åtti prosent av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Lio (1969) og Åmdal (1953). Statkraft Energi er hovudeigar av om lag nitti prosent av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Skafså Kraftverk ANS med om lag sju prosent.

Her er litt turisme i vekst, og i Dalen ligg det velkjende Dalen Hotel frå 1892.

Samferdsel

E134 går gjennom den nordaustlege delen av kommunen. Frå Høydalsmo (Ofte) tek fylkesveg 45 av til Dalen og vidare sørvestover til Setesdal; denne inngår i det kortaste vegsambandet OsloStavanger over Suleskar, men er berre sommaropen. Frå Åmot i Vinje går fylkesveg 38 til Dalen og vidare søraustover til Vrådal. Dalen er endepunkt for båtruta på Telemarkskanalen, og har monaleg turisme.

Administrativ inndeling og offentlige institusjoner

Kart: Tokke kommune i Telemark

Tokke kommune i Telemark fylke.

Kart: Tokke kommune i Telemark
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Dalen har vidaregåande skule med fleire liner.

Tokke høyrer til Sør-Øst politidistrikt, Telemark tingrett og Agder lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Vest-Telemarkrådet sammen med Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord og Vinje.

Tokke kommune svarar til dei to sokna Eidsborg Mo/Skafså og Høydalsmo/Lårdal i Øvre Telemark prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-tallet hørte Tokke til Øvre Telemarken fogderi i Bratsberg amt.

Grunnkrinsar i Tokke

Vest-Telemark museum

For statistiske formål er Tokke kommune (per 2016) inndelt i 17 grunnkrinsar: Byrte, Mo, Midjås, Vistad, Dalen, Eidsborg/Gøytil/Omdal, Ofte/Hovden, Kvål/Fjellet, Smørklepp/Tveiten, Håtveit, Eik, Eikland, Nordbygdi, Kyrkjebø, Åmdalsverk, Skafsåheia og Frolandsheiane/Byrteheiane.

Historie og kultur

Dalen hotell
Dalen hotell

Fjellbygda Eidsborg har stavkyrkje frå 1200-talet, sjå Eidsborg stavkyrkje. Brynesteinsbrota (skifrig kvartsitt) ved Eidsborg har vore drivne i fleire hundre år. Steinen vart køyrt på isen til Skien og skipa ut derifrå. Like ved kyrkja ligg Vest-Telemark Museum Eidsborg. Dalen Hotel, som vart bygd i 1894 og restaurert i 1992, er ein av Noregs største trebygningar.

Sør for Dalen var det kopardrift i Åmdals Verk i Skafså frå 1690 til 1945. I dag er det eit gruvemuseum der. Lårdal bygdemuseum (friluftsmuseum) på Eidsborg er rik på folkekunst frå Vest-Telemark. Bilethoggaren Anne Grimdalen er frå Grimdalen i Skafså. Her ligg Grimdalstunet med ei stor samling skulpturar. Høydalsmo kyrkje er frå 1750-talet.

Bygdene i Tokke synte seg som særleg rike område for mellomalderballadar då innsamlinga tok til på 1800-talet, med kvedarar som Bendik Felland, Anne Lillegård, Hæge Årmote og Jorunn Bjønnemyr.

Vest-Telemark blad dekkjer seks kommunar, mellom anna Tokke. Avisa kom med første nummeret i 1973, har hovudkontor i Kviteseid, kjem ut tre gonger kvar veke og vert redigert på nynorsk.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1987) har ein gåande svart bjørn mot ein gull bakgrunn; symboliserer mot og styrke.

Kart

Kart over Tokke kommune
.
Lisens: CC BY NC 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bakken, Olav (1978): Lårdalsoga
  • Grimdalen, Olav (1996): Mo bygdebok: kultursoga, isbn 82-991942-0-2.
  • Marvik, Steinar (1989): Mo bygdebok: gard og ætt, to bind, isbn 82-991942-0-2.
  • Sanden, Gunnar (2004): Vest-Telemark boki, isbn 82-996108-3-4.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg