Faktaboks

Timur Lenk

Timur den halte, engelsk: Tamerlane

Uttale
tˈimur lenk
Fødd
1336
Død
1405
Timur Lenk

Timur Lenk, mongolfyrste og etterkommar av Dsjengis-khan, rir gjennom ei gate i sin hovudstad Samarkand. Persisk miniatyr frå ca. 1430-åra. Smithsonian Institution, Freer Gallery of Art, Washington.

Av /KF-arkiv ※.

Timur Lenk var ein sentralasiatisk erobrar av tyrkisk avstamming og første herskar i Timuride-dynastiet. Han erobra makta over størstedelen av Transoxania i 1360-åra, og underkua i dei følgjande tiåra dei fleste vest- og sentralasiatiske land mellom Mongolia og Middelhavet. Han døydde medan han førebudde seg på å erobre Kina.

Timur Lenk blir i historia gjerne omtalt som ein tyrann. Både han og etterkommarane hans, timuridane, utførte òg kulturelle storverk og fremja handel og vitskap. Særleg berømt er den timuridiske kunsten og arkitekturen. Timur Lenk gjorde hovudstaden Samarkand til ein av dei vakraste byane i Asia.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg