Tiffany er eit kvinnenamn. Det er engelsk form av eit fransk slektsnamn med opphav i det greske Theo-phania som tyder ‘vigd til å sjå Gud’.

Namnet vart tidleg brukt som namn på jenter fødde 6. januar (i liturgisk samanheng Epiphania Domini som tyder ‘Herrens openberring’). Den 6. januar er no omtalt som heilage tre kongars dag.

Kulturell bruk

  • Filmen «Frokost hos Tiffany’s» (1961) er basert på ei novelle (1958) av Truman Capote. Filmatiseringa, bl.a. med Audrey Hepburn, gjorde namnet Tiffany kjent. Dette kvinnenamnet vart også tatt i bruk som slektsnamn, og det er vel å merke slektsnamnet det blir vist til i filmtittelen «Frokost hos Tiffany’s».

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 60 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Tiffany som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg