Tidsreversjon (T) er ein matematisk operasjon som brukast i kvantefysikk. Denne abstrakte operasjonen snur tids-parameteren t til \(- \, t \) i dei fundamentale likningane for ein type prosess eller rørsle. Gravitasjon, elektromagnetisme og sterk vekselverknad (sjå sterk vekselvirkning) er uendra (invariante) på fundamentalt (mikroskopisk) nivå under tidsreversjon. Innanfor kvantefysikk skjer det også noko med bylgjefunksjonen (i kvantemekanikk) eller felt-operatorane (i kvantefeltteori) under tidsreversjon.

Ein reknar med at alle typar vekselverknader er invariante under ein kombinert CPT-transformasjon der C står for ladningskonjugasjon (sjå ladningssymmetri), P-for en speliningstransformasjon (sjå speilingssymmetri) og T for tidsreversjon. Eit brot på T-symmetri tyder dermed også eit brot på CP -symmetri.

Dersom ein filmar ein enkel dagledags (makroskopisk) prosess som eit kast av til dømes ei blykule, og køyrer filmen baklengs, kan ein sjå ein tilnærma mogleg prosess, dersom energitapet i form av friksjon (luftmotstand) er svært lite. Vi har (tilnærma) T-symmetri. Tek vi derimot film av eit bilkræsj og køyrer filmen baklengs vil vi alle forstå at det vi ser er ein umogleg prosess. I dei fleste daglegdagse prosessane har vi ikkje T-symmetri. Ein kan ikkje snu tida i ein makroskopisk prosess. Dette har samanheng med den andre hovudsetninga i termodynamikk, som seier at eit fysisk system ikkje kan gå frå ein tilstand med stor uorden til ein tilstand med orden.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg