Faktaboks

Thor Svee Furuholmen
Fødd
21. august 1899, Voss, Hordaland
Død
15. mars 1984, Oslo
Verke
Ingeniør og entreprenør
Familie

Foreldre: Ingeniør, senere trafikkdirektør i NSB Gotfred Furuholmen (1873–1944) og Inger Elisabeth Olsen (1872–1950).

Gift 3.8.1936 med Else Thorne (4.7.1914–10.12.2006), datter av godseier Ivan Thorne (1881–1958) og Ellen Ree (1884–1968).

Sønnesønn av Richard Furuholmen (1840–99).

Thor Furuholmen

Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Thor Furuholmen
Av /NTB Scanpix ※.

Thor Svee Furuholmen var ein norsk entreprenør.

Furuholmen vart utdanna sivilingeniør frå NTH (i dag NTNU) i 1923. Han var tilsett hos Siemens Bau-union i Berlin i åra 1924–1927, før han i åra 1927–1930 deltok i bygginga av den transasiatiske jernbanen i Tyrkia. I 1930 starta han firma saman med Kaare Backer, men kompaniskapen blei raskt oppløyst, og Furuholmen oppretta same år si eiga bedrift, Ingeniør Thor Furuholmen.

Furuholmen satsa dei første åra sterkt på bustadbygging, og firmaet blei, målt i talet på tilsette, det tredje største entreprenørselskapet i Noreg. Det bygde òg nokre av Noregs største vasskraftanlegg, mellom anna Aurlandsanlegget. Heilt frå 1950-åra hadde Furuholmen verksemder i Europa, Afrika og Sør-Amerika og blir difor rekna som ein pioner for norsk entreprenørverksemd i utlandet.

Firmaet blei i 1957 omdanna til aksjeselskap, men var eigd av familien til det i 1983 blei overteke av konkurrenten Ingeniør F. Selmer A/S (grunnlagt i 1906 av Johan Fredrik Selmer). Det fusjonerte selskapet heitte frå 1985 Selmer Furuholmen, seinare Selmer ASA, og gjekk i 2000 inn i svenske Skanska.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg