Faktaboks

Thor Gjermund Eriksen
Fødd
2. oktober 1966, Oslo
Thor Gjermund Eriksen

Thor Gjermund Eriksen var kringkastingssjef frå 2013 til 2022.

Av /Aftenposten/NTB.

Thor Gjermund Eriksen er ein norsk redaktør og medieleiar. Eriksen var frå 2013 til 2022 kringkastingssjef i NRK. Frå 2023 er han konsernsjef i Bane NOR.

Tidlegare var han journalist og redaktør i Dagbladet og konserndirektør i Amedia AS (tidlegare A-pressa).

Utdanning og politiske verv

Eriksen studerte jus ved Universitet i Oslo (1988–1989) og tok eksamen i sosiologi grunnfag i 1993. Han tok eksamen i bedriftsøkonomi ved Handelshøyskolen BI i 1995.

Samtidig med studiane hadde Eriksen fleire politiske verv for SV. Han var sekretær for SVs stortingsgruppe frå 1989 til 1991, og var SVs byrådssekretær for miljø og samferdsle i Oslo frå 1992 til 1995.

Medieverksemd

Dagbladet og Amedia

Thor Gjermund Eriksen

Thor Gjermund Eriksen

Av /NTB Scanpix ※.

Eriksen var tilsett i Dagbladet frå 1995 til 2006, berre avbrote av eitt år i Aftenposten (2000–2001), der han var leiar for politisk avdeling. I Dagbladet var han reporter, klubbleiar, redaksjonssjef og politisk redaktør, og frå 2003 til 2006 var han sjefredaktør.

I 2006 blei Thor Gjermund Eriksen tilsett i Amedia AS. Frå 2008 var han konserndirektør og frå 2010 til 2013 konsernsjef.

NRK

Eriksen tiltredde som kringkastingssjef i 2013. Han fekk åremålet sitt fornya med seks år i 2019. Men hausten 2021 kunngjorde han NRKs styre at han ønskte å gå av i 2022.

I Thor Gjermund Eriksens periode som kringkastingssjef gjekk statskanalen gjennom store endringar både i struktur, organisasjon og programverksemd. Ordninga med kringkastingslisens blei avvikla i 2019, og NRK blei finansiert direkte over statsbudsjettet frå 2020. I Eriksens tid som NRK-sjef har endringar i organisasjonen resultert i cirka 600 færre stillingar enn då han tiltredde. I denne perioden er også talet på distriktskontor redusert.

Etter at NRK har hatt hovudverksemda si på Marienlyst sidan 1950, var Thor Gjermund Eriksen ein sentral pådrivar då NRK i 2021 vedtok å flytta verksemda til Ensjø.

Programprofilen i NRK blei betydeleg endra i Eriksens tid som kringkastingssjef. Det gjeld både radio og fjernsyn. Den løpande nyheitsdekninga fekk breiare plass. Samstundes mista NRK i denne perioden rettar til å senda viktige sportsevenement live. Det gjeld både fotball og vinteridrettar.

Seinare karrière

Frå 2022 til 2023 var han administrerande direktør i Norsk Tipping.

Eriksen vart styreleiar i Oslo Sporveier i 2022.

I 2023 vart han konsernsjef i Bane NOR.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg