Faktaboks

Thomas Hardy
Uttale
hˈa:di
Fødd
2. juni 1840, Higher Bockhampton, Dorset, England
Død
11. januar 1928, Dorchester, Dorset, England
Portrett

Thomas Hardy

Av /NTB Scanpix ※.
Thomas Hardy
/Library of Congress .

Thomas Hardy var ein av Storbritannias fremste romanforfattarar mot slutten av 1800-talet, og han var i tillegg ein betydeleg lyrikar. Av dei mest kjente verka hans er Tess av slekten d’Urberville (Tess of the d’Urbervilles) og Jude (Jude the Obscure).

Tematikken i romanane hans er gjennomgåande dyster med personar som kjempar mot og ofte må gi tapt for destruktive krefter i seg sjølve og i det sosiale miljøet der Hardy plasserer dei. Samtidig er tematikken hans nyansert og kompleks med innslag av humor og frodig miljøskildring.

Samla gir romanane eit samansett bilde av ein progressiv forfattar som er sterkt kritisk til viktoriansk moral og dobbeltmoral, særleg i synet på kvinner, og som kan gi meisterlege skildringar av naturen og folkelivet i det sørvestlege England.

Biografi

Emma Hardy
Thomas Hardys fødestad i Dorset
Thomas Hardys fødestad i Higher Bockhampton i Dorset. Bøkene Under the Greenwood Tree og Far from the Madding Crowd blei skrive her.
Thomas Hardys fødestad i Dorset
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Hardy blei fødd i Higher Bockhamton, ein landsby aust for Dorchester i Dorset, England. Han gjekk på skule i Dorchester, men avslutta den formelle allmennutdanninga si som sekstenåring og begynte i lære hos arkitekten James Hicks.

I 1862 flytte Hardy til London der han vidareførte arkitektstudia ved King’s College London. Blant anna sidan han var kritisk til britiske klasseforskjellar og kjende seg underlegen i hovudstaden, flytte Hardy etter fem år i London tilbake til Dorset og bestemte seg for å bli forfattar.

Han gifta seg med Emma Gifford, og sorga over henne etter at ho døydde i 1912 pregar delar av lyrikken hans. To år seinare gifta han seg med den 39 år yngre sekretæren sin, Florence Emily Dugdale.

Kort tid etter at Hardy døydde i 1928, brende forvaltaren av buet breva og notatbøkene hans. Berre 12 dokument blei redda. Hardys hjarte er gravlagt i Stinsford, Dorset, saman med Emma, og oska hans er gravlagd i Poet’s Corner i Westminster Abbey.

Forfattarskap

Dei to første romanane til Hardy, Desperate Remedies (1871) og Under the Greenwood Tree (1872), blei utgitt anonymt. Året etter blei A Pair of Blue Eyes publisert under hans eige namn. Under the Greenwood Tree har pastorale innslag, og det same har romanen Langt fra byens larm (originaltittel Far from the Madding Crowd) frå 1874. Handlinga i denne romanen er lagd til Wessex, som hadde vore namnet på eit gammalt saksisk kongedømme i om lag same delen av Sørvest-England som han sjølv kom ifrå.

Dei fleste seinare romanane er plasserte i Wessex, eit fiktivt landskap som kan minne om William Faulkners litterære landskap Yoknapathawpha County i den amerikanske delstaten Mississippi. Langt fra byens larm, som markerer Hardys gjennombrot, selde så bra at Hardy kunne satse på ei forfattarkarriere.

Forfattarskapen hans inkluderer romanar, lyrikk (sjå nedanfor) og noveller. Dei beste av novellene er utgitt i novellesamlingane Wessex Tales (1888), A Group of Noble Dames (1891) og Life’s Little Ironies (1894). Dei viktigaste av romanane Hardy publiserte er:

  • Langt fra byens larm (originaltittel Far from the Madding Crowd, 1874)
  • En mann vender hjem (originaltittel The Return of the Native, 1878)
  • Borgermesteren (originaltittel The Mayor of Casterbridge, 1886)
  • Tess av slekten d’Urberville (originaltittel Tess of the d’Urbervilles, 1891)
  • Jude (originaltittel Jude the Obscure, 1895)
  • The Well-Beloved (1897)

Ei rekke av romanane er omsette til norsk, og fleire er også adapterte til film.

Som romanforfattar i Victoria-tida var Hardy påverka av realismen og særleg av romanforfattaren George Eliot. I tillegg er han både i romanane og i lyrikken han skreiv, påverka av romantikken, særleg av William Wordsworth. Hardy var kritisk til utviklingstrekk i Storbritannia i Victoria-tida, særleg til negative konsekvensar av industrialiseringa og svekka status for landsbygda.

Tess of the d’Urbervilles

Tess of the d'Urbervilles. Originaltittelblad frå 1891
/Biblioteca europea di informazione e cultura.
Tess, en renn kvinnes historie, tittelblad

Tess of the d’Urbervilles frå 1891 er utgitt to gonger på norsk med ulike titlar: Tess. En ren kvinnes historie i 1948 og Tess av slekten d’Urberville i 1986.

Tess, en renn kvinnes historie, tittelblad
Av .

Sjølv om dei seks ovannemnde romanane alle er originale bidrag til den britiske romanen, er likevel Tess av slekten d’Urberville den mest kjende og kanskje den viktigaste romanen hans. Undertittelen, A Pure Woman, signaliserer forfattarens empati med hovudpersonen Tess.

Tess av slekten d’Urberville dramatiserer i romans form livet til ei kvinne frå ein fattig familie som ho gjer alt ho kan for å hjelpe. Etter at ho er blitt utnytta og misbrukt (forført eller valdtatt) av den rike slektningen Alec, improviserer Tess dåp for barnet ho får, Sorrow, før det døyr. Seinare forelskar ho seg i Angel, men då ho (etter at han har fortalt henne om sine tidlegare forhold til kvinner) fortel Angel kva Alec gjorde mot henne, forlèt han henne. Hardys kritikk av viktoriansk, og særleg menns, dobbeltmoral er sviande; Angel er ingen engel. Sidan han ikkje svarar påTess' brev, blir ho igjen tvungen til å vere saman med Alec for å kunne hjelpe familien. Til slutt drep ho Alec, og etter ein kort periode saman med Angel, som har kome tilbake til henne, blir ho arrestert på Stonehenge og hengd.

Tess av slekten d’Urberville illustrerer viktige sider ved tematikken i Hardys romanar. Tess er ikkje naiv, men ho har ei ansvarskjensle for dei andre i familien som fører henne inn i situasjonar der ho blir grovt utnytta av menn ho møter. Kritikken av dobbeltmoralen til viktorianske menn generaliserer Hardy til ein kritikk av det viktorianske samfunnet, som straffar Tess, men ikkje mennene som har øydelagt livet hennar. Romanen, som blei ein bestseljar, sjokkerte samtidige lesarar ved å dramatisere negative konsekvensar av konvensjonelle viktorianske normer om kjønn, klasse og moral. Hardy kritiserer også konvensjonell viktoriansk kristendom; presten som Tess tar kontakt med etter at Sorrow er død, er nølande til å gravleggje barnet i vigd jord.

Hardy er blitt kritisert for å ha for sterk empati med sin eigen hovudperson i romanen: Kan ei kvinne som drep, vere «A pure woman»? Hardy tok seg nær av kritikken, og sjølv om han skreiv to romanar til, publiserte han etter 1900 berre poesi.

Lyrikk

Hardy er blant dei få skjønnlitterære forfattarane som etter ein lang karriere som romanforfattar i tillegg gav eit viktig bidrag til ein annan skjønnlitterær sjanger. Han hadde skrive poesi (eller lyrikk i vid forstand) tidlegare òg, men i 1898 publiserte han Wessex Poems. Denne samlinga med dikt skrivne over ein 30-års periode blei etterfølgd av samlingar med nye dikt: Poems of Past and Present (1902), Time’s Laughingstocks (1909) og Satires of Circumstance (1914).

Hardy skreiv ulike poetiske former, inkludert lyrikk, ballade, elegi, satire, dramatisk monolog og dialog, og det episke dramaet The Dynasts (1903–1908) om Storbritannias kamp mot Napoleon. Kvaliteten på dikta er ujamn, men mange er meisterlege, for eksempel The Convergence of the Twain, som både er om skipet Titanic som kolliderte med eit isfjell 14. april 1912, og om det moderne menneskets konfronterande forhold til naturen, og In Front of a Landscape, som på ein verknadsfull måte kombinerer landskapsskildring og refleksjon.

Hardy skreiv nokre av sine beste dikt i form av elegiar etter tapet av første kona si, Emma, i 1912. Desse dikta, inkludert After a Journey og The Voice, inngår i Satires of Circumstance. Innslaget av samfunnskritikk som er tydeleg i mange av romanane, kan også vere markert i lyrikken, blant anna i krigsdikt som knyter an til Boerkrigen og første verdskrigen.

Tematikk og struktur

Thomas Hardy, maleri frå 1893
/National Portrait Gallery, London.

Tematisk vidarefører Hardy den britiske 1800-talsromanen, og han er som Charles Dickens kritisk til måten som industrialiseringa endra det britiske samfunnet på. Men denne forma for skepsis gjeld ikkje berre industrialiseringa: Særleg kritisk er han til viktoriansk dobbeltmoral og undertrykking av kvinner og fattige, noko som mellom anna gjorde det vanskeleg for begge desse gruppene å gå på skule og å studere.

Grunntonen i både romanane og dikta er resignert og ofte pessimistisk, og det tilfeldige og vilkårlege i livet er eit gjennomgripande motiv. Mange av Hardys mest sympatiske personar lir seg gjennom livet; dei som er relativt lykkelege, er gjerne bipersonar som lever på landsbygda og utfører manuelt arbeid i, og med respekt for, naturen. Den økologiske dimensjonen ved Hardys romanar, noveller og dikt er tydelegare no enn for 100 år sidan.

Hardy synleggjer gjennom fiksjonen han skreiv kor styrande og hemmande sosiale konvensjonar kan vere, særleg når det gjeld kjønn og klasse, og kor katastrofale konsekvensar dei kan ha. Politisk er Hardy radikal, men framstillinga av den britiske landsbygda har idylliserande og nostalgiske innslag.

Hardy er også kritisk til viktoriansk kristendom, særleg gjennom måten den medverka til undertrykking av kvinner på. Samtidig hadde han respekt for kristen livspraksis slik han opplevde den på landsbygda. Hans eigen religion synest å ha vore ei blanding av agnostisisme, deisme og spiritisme. Han var påverka av Arthur Schopenhauer og utvikla ein teori om «The Immanent Will», ein slags blind, skapande vilje som bestemte historias gang.

Hardys forteljekunst er retorisk effektiv, sjølv om strukturen kan vere kantete og språket til dels klisjéprega. Ofte presenterer han handlinga gjennom ein tredjepersonsforteljar som ikkje deltar i henne, men som litt resignert fortel om vanskane personane møter og feila dei gjer utover i plottet. Også lyrikken kan vere lite elegant strukturelt, men han kan ha stor intensitet og påverknadskraft på lesaren.

Litteraturhistorisk er Hardy ein overgangsfigur mellom den britiske 1800-talsromanen og den anglo-amerikanske modernismen tidleg i det 20. hundreåret. Han står litt på sida av modernismen slik han er representert ved forfattarar som Virginia Woolf og T. S. Eliot, men fekk mykje å seie for generasjonen etter modernismen, særleg lyrikaren Philip Larkin.

Filmversjonar

Far from the Madding Crowd

Carey Mulligan som Bathsheba Everdene og Matthias Schoenaerts som Gabriel Oak i Thomas Vinterbergs film frå 2015

Far from the Madding Crowd
Twentieth Century Fox Norway/Filmweb.
  • Den polsk-franske filmregissøren Roman Polanski lanserte 1979 ein adaptasjon av Tess of the d’Urbervilles med Nastassja Kinski som Tess. Filmen, som blei ein internasjonal suksess med seks Oscar-nominasjonar, var medverkande til å gi Hardy nye lesarar.
  • BBC produserte i 2008 ein TV-versjon av Tess of the d’Urbervilles med Gemma Arterton som Tess.
  • Den britiske filmregissøren Michael Winterbottom lanserte 1996 ein filmversjon av Jude the Obscure.
  • Britiske David Thacker regisserte 2003 ein TV-adaptasjon av The Mayor of Casterbridge.
  • Danske Thomas Vinterberg regisserte 2015 ein filmversjon av Far from the Madding Crowd med Carey Mulligan i hovudrolla.

Omsetjingar til norsk

  • Far from the Madding Crowd, 1874. Omsett av Liv Malling og utgitt med tittelen Fjernt fra byens larm i 1948.
  • The Return of the Native, 1878. Omsett av Liv Malling og utgitt med tittelen En mann vender hjem i 1948.
  • The Mayor of Casterbridge, 1886. Omsett av Liv Malling og utgitt med tittelen Borgermesteren i 1948.
  • The Woodlanders, 1887. Omsett av Liv Malling og utgitt med tittelen Skogens folk i 1948
  • Tess of the d’Urbervilles, 1891. Utgitt av Margrete Kjær og utgitt to gonger med ulike titlar: Tess. En ren kvinnes historie i 1948. Tess av slekten d’Urberville i 1986.
  • Jude the Obscure, 1895. Utgitt på norsk med tittelen Jude to gonger. Omsett av Ruht Nissen-Drejer i 1949. Omsett av Mona Lyche Ramberg i 1997.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alexander, Michael. A History of English Literature. 3. utg. London: Palgrave Macmillan, 2013.
  • Gatrell, Simon: Thomas Hardy and the proper study of mankind, 1993
  • Gittings, Robert: The older Hardy, 1978
  • Gittings, Robert: Young Thomas Hardy, 1975
  • Harvey, Geoffrey. Thomas Hardy: The Complete Critical Guide to Thomas Hardy. New York: Routledge, 2003.
  • Kramer, Dale (red.). The Cambridge Companion to Thomas Hardy. Cambridge: Cambridge University Press, 1999.
  • Lothe, Jakob. “Hardy’s Authorial Narrative Method in Tess of the d’Urbervilles”. I The Nineteenth-Century British Novel, red. Jeremy Hawthorn. London: Edward Arnold, 1986.
  • Lothe, Jakob. “Thomas Hardys ‘The Convergence of the Twain’”. I Jakob Lothe og Per Kristian Sebak, Titanic. Historie, myte, litteratur og film. Oslo: Pax, 2012.
  • Miller, J. Hillis. Thomas Hardy: Distance and Desire. Harvard University Press, 1970.
  • Millgate, Michael. Thomas Hardy: A Biography Revisited. Oxford: Oxford University Press, 2004.
  • Page, Norman (red.). Oxford Reader’s Companion to Hardy. Oxford: Oxford University Press, 2001.
  • Seymour-Smith, Martin: Hardy, 1994
  • Tomalin, Claire. Thomas Hardy: The Time-torn Man. London: Penguin 2007.
  • Watts, Cedric. Thomas Hardy: “Tess of the d’Urbervilles”. Humanities-Ebooks, 2007.

Kommentarar (2)

skreiv Trond Olav Svendsen

Hei! I en utmerket artikkel kommenterer jeg litt smårusk og -rask: 1) I listen over romaner midtveis i artikkelen skal vel alle titler stå i kursiv?, 2) den danske regissøren Thomas Vinterberg (to forekomster) har enkel v først i etternavnet, 3) på stillbildet fra filmen Far from the Madding Crowd sees Carey Mulligan sammen med Matthias Schoenaerts i rollen som Gabriel Oak, 4) tittelen Far from the Madding Crowd bør vel skrives på nøyaktig samme måte i tekst og billedtekst (mht. store forbokstaver) og 5) i listen over omsetjingar til norsk mangler det et mellomrom i tredje linje. Med vennlig hilsen Trond Olav Svendsen

svarte Marie Nedregotten Sørbø

Takk for nyttige innspel! Desse tinga er no retta opp. Helsing Marie N. Sørbø

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg