Faktaboks

Thomas Ball Barratt
Fødd
22. juli 1862, Cornwall, England
Død
29. januar 1940, Oslo
Verke
Frikirkeleder
Familie

Foreldre: Gruvedirektør Alexander Barratt (1827–90) og Mary Ball (1830–1905).

Gift 10.5.1887 med Laura Christine Jakobsen (30.11.1866–6.12.1951), datter av skomaker Erik Johan Jakobsen (1839–?) og Lovise Olsen (død 1906).

Thomas Ball Barratt

Thomas Ball Barratt

Av /NTB Scanpix ※.

Thomas Ball Barratt var ein norsk metodistprest og seinare leiar i pinserørsla. Han var fødd i Storbritannia og kom til Noreg fem år gammal.

I perioden 1882–1889 var han predikant og i åra 1889–1907 prest og tilsynsmann i Metodistkyrkja. Under eit opphald i USA i 1906 blei han gripen av pinserørsla og tok imot dåpen i Den heilage ande og eld med tungetale.

Heimkomsten hans frå USA i 1906 blei starten på pinserørsla i Noreg, og Barratt var talsmann for rørsla til han døydde. Han grunnla Filadelfiamenigheten i Oslo og var forstandar der frå 1916 til 1940. Barratt gav mellom anna ut Urkristendommen gjenopplivet – pinsevekkelsen, fleire songbøker og ca. 60 oppbyggjelege skrifter, og fleire er omsette til engelsk, tysk og andre språk. Erindringer blei gitt ut i 1941. Barratt har blitt kalla far til pinserørsla i Europa.

Allmenn skulegang fekk han ved metodist-kostskulen Wesleyan Collegiate Institute i Taunton, Somerset, England, der han også studerte kunst og musikk. Komponisten Edvard Grieg var musikklæraren hans i Noreg.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Lange, Solveig Barratt: T.B. Barratt : et Herrens sendebud, 1962
  • Selbekk, Vebjørn: T.B. Barratt : forfulgt og etterfulgt : en biografi, 2007, isbn 978-82-302-0439-9
  • Ski, Martin: T.B. Barratt – døpt i ånd og ild, 1979, isbn 82-534-0458-1

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg