Teodor kjem av eit toledda gresk mannsnamn, Theo-doros, der forleddet tyder ‘gud’ og etterleddet ‘gåve’.

Namnet har fleire variantar: Teodor, Theodor.

Namnedag er 9. november. Tordis har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Teodor

Eit utval personar med namnet Teodor, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 513 menn i Noreg som hadde Teodor som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 50 gutar som fekk namnet Teodor.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er stavevariantane Teodor og Theodor slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. I tillegg til dei bibelske namna er det stort sett berre namn av gresk og latinsk opphav som har tre stavingar, til dømes Teodor og Theodor. Dette gjeld dessutan namn som Adrian, Fabian, Julian, Kristoffer, Leander, Marius og Nikolai. Til liks med mange bibelske namn var desse klassiske namna mest brukte rundt år 2000, men Teodor – og Theodor – skil seg ut ved at namnet hadde ein tidleg toppfase (1870–1874) da namnet var nesten like vanleg som på 2000-talet. Sidan år 1900 har Theodor vore brukt nesten tre gongar så mykje som Teodor.

Utvikling i bruk av namnet Teodor frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Teodor frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Teodor på 1800-talet.

Teodor var klart mest brukt i Vest-Agder.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Teodor på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Teodor var klart mest brukt i Vest-Agder. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Theodor.)

Historisk bruk av namnet Teodor
Historisk bruk av namnet Teodor
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg