Faktaboks

Talimu He

Kinesisk: 塔里木河 (Talimuhe)

Tarimelva

Kart som viser Tarimelva
.
Lisens: CC BY 3.0

Talimu He er ei elv i Xinjiang, Kina. Elva blir danna ved samanlaupet med Yarkand, som kjem frå Karakorumfjella, og Kaxgar frå Pamirfjella. Kaxgar når bare fram i år med stor flaum.

Talimu He er om lag 2750 kilometer lang. I nedre del av elvefaret deler ho seg i flere greiner som stadig skiftar laup. Talimu He har stor fordamping undervegs, og elva når bare delvis fram til Lop Nur. Kanalar langs øvre elvelaup og fleire reservoar langs nedre er byrjinga til ei omfattande regulering som gjev grunnlag for eit oasebruk i stadig utvikling. Jute, som veks langs elvebreiddane, blir nå dyrka i plantasjar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg