Bodhisattva
Bodhisattva viser vei, silkemaleri fra Tang-dynastiet som ble oppdaget iDun Huang. Bildet finnes på British Museum.

Tang-dynastiet var ei kinesisk keisarslekt og ein historisk periode frå 618 til 906, som ofte blir rekna som Kina si kulturelle stordomstid.

Faktaboks

Uttale

tang, IPA: [thɑŋ]

Også kjend som

Pinyin: Táng cháo

Kinesiske teikn: 唐朝

Historie

Grunnlegging

Tang-dynastiet blei stifta i 618 då Li Yuan, guvernør i Shanxi, kuppa trona frå Yangdi, den andre keisaren av Sui-dynastiet. Sui hadde samla Kina 40 år tidlegare, men regimet hadde blitt upopulært etter massetvangsarbeid og militære nederlag i Korea.

Slik som Han-dynastiet 800 år tidlegare blei reist på ruinane av det kortliva Qin, baserte Tang-staten seg på Sui. Den militære ekspansjonen heldt òg fram, med store territoriale utvidingar som resultat, særleg vestover langs Silkevegen inn i Sentral-Asia. Her eksisterte eit omfattande protektoratsystem i hundre år frå ca. 650 til 750.

Stordomstid

Tang-dynastiet førte Kina inn ei ny stortid med makt både utetter og internt. Openheit og skaparkraft, sameint med det beste av arven frå tidlegare epokar, la grunnen til den nye stormakta. Ein skapte ein ståande hær, rekruttert ved verneplikt, og plasserte militærguvernørar i provinsane for å hindre opprør, medan den sivile administrasjonen kom til å stå noko i skuggen.

Allereie i 660-åra var Kinas utanrikspolitiske prestisje atterreist og herredømmet i Sentral-Asia igjen sikra, etter kampar mot tyrkiske og tibetanske stammar. Riket strekte seg på det største frå Nord-Korea i aust til Aralsjøen i vest, frå Bajkalsjøen i nord til Indokina i sør. Til slutt råka det kinesiske riket på grensene til det arabiske abbasidekalifatet i slaget ved Talas i 751, som arabarane vann.

Nedgang

Det var likevel det interne An Lushan-opprøret frå 755 til 763 som markerte slutten for den politiske stordomstida til Tang-dynastiet. Ikkje berre gjekk Sentral-Asia tapt, men sentralmakta blei atterreist i ei svekka stode. Dei regionale militærguvernørane som slo ned opprøret, blei litt etter litt til krigsherrar. Maktkampen mellom dei enda med at dynastiet kollapsa. Kina gjekk då i oppløysing i det ettertida har kalla «dei fem dynastia og dei ti kongedømma» (907–960).

Kultur

Boktrykkerkunst, bhutan

Boktrykkerkunst med faste typar blei funne opp under Tang-dynastiet. Biletet syner boktrykkerkunst i eit bhutansk kloster etter århundregamle tradisjonar. Teksten blir skoren inn på treplater og fargelagt, og papiret pressa på ved hjelp av ein rull. Munken held på å trykke den andre sida av eit manuskriptblad. Bladene blir bundne saman til blokkbøker. Bildet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Trass i den politiske tilbakegangen heldt Kina fram med å blomstre kulturelt og økonomisk i den andre helvta av Tang-dynastiet. Kulturelt var Tang ein gullalder. I dag er dette reflektert i tradisjonell japansk kultur, som i stor grad stammar frå Tang. Poesien nådde sitt høgdepunkt, og kinesisk målarkunst og kalligrafi slik vi kjenner han, tok form.

Kina blei sentrum for heile den buddhistiske verda under Tang då ei rekkje kinesiske retningar tok form og blei spreidde vidare til Korea, Japan og Vietnam. Nye vesterlandske religionar vann dessutan innpass: zoroastrismen (frå 621), den nestorianske kristendommen (frå 635), manikeismen (frå 694), islam og jødedommen. Desse religionane blei offer for ei nasjonalistisk dreiing frå midten av 800-talet. Nestorianismen og zoroastrismen forsvann heilt, og den buddhistiske sangaen mista favoriseringa ved hoffet og særrettane sine. Denne dreiinga påverka òg den kinesiske litteraturen, som fekk ei mindre estetisk og meir moralistisk form.

Boktrykk med faste typar blei funne opp. Filologien blomstra, og kommentarverk og leksikon blei gjeve ut på initiativ av det keisarlege akademiet Hanlin, etablert i 725. Sjakk blei kjent, kanskje frå India. Porselensframstillinga (kjent frå ca. 400) auka i kvantitet og kvalitet. Dei storslåtte millionbyane Luoyang og Chang'an tok imot reisande og studentar frå dei fleste land i Asia, ikkje minst Japan og Korea.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg