Synnøve er eit kvinnenamn som kjem av norrønt Sunnifa med opphav i gammalengelsk Sunn-gifu. Forleddet tyder ‘sol’ og etterleddet ‘gåve’.
Synnøve
Personar med namnet Synnøve
Kulturell bruk
- «Synnøve Solbakken» (1857) av Bjørnstjerne Bjørnson.
Kjende personar med namnet Synnøve
Eit utval personar med namnet Synnøve, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Synnøve Johansdatter (1645–1678)
- Synnøve Finden (1882–1957)
- Aase Synnøve Bye (1904–1991)
- Synnøve Gleditsch (1908–1980)
- Synnøve Anker Aurdal (1908–2000)
- Synnøve Liaaen Jensen (1932–2022)
- Anna-Synnøve Bye (1941)
- Synnøve Korssjøen (1949)
- Synnøve Persen (1950)
- Hilde Synnøve Lid (1971)
- Synnøve Konglevoll (1972)
- Synnøve Christensen
Namnestatistikk
I 2022 var det 5 675 kvinner i Noreg som hadde Synnøve som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 21 jenter som fekk namnet Synnøve.
Av dei som heitte Synnøve i perioden 1900–2017, var det 69 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Synnøve. Dette inneber at 31 prosent hadde Synnøve som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Synnøve er blant dei namna som vart populære under den nordiske namnerenessansen (på grunn av Bjørnsons nasjonalromantiske forteljing om Synnøve Solbakken). Namnet var i vinden lenger enn dei fleste andre nasjonalromantiske namna og var på topp i perioden 1920–1934. Oppsvinget for Sunniva frå 1970-åra kan sjåast i samanheng med ein nyare tendens til å ta i bruk opphavlege former i staden for seinare utvikla former, til dømes Synnøve. Det opphavlege Sunniva var såleis mykje meir brukt enn Synnøve rundt år 2000.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Synnøve var mest brukt i Møre og Romsdal.
Les meir i Store norske leksikon
- kvinnenamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.