Svein
Kjende personar med namnet Svein
Eit utval personar med namnet Svein, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Svein 1. Tjugeskjegg (960)
- Svein Alfivason (1020)
- Svein Magnussen (1942)
- Svein Erik Paulsen (1946)
- Svein Gjedrem (1950)
- Svein Tindberg (1953)
- Svein Stølen (1960)
- Svein Nyhus (1962)
- Svein Gjerdåker (1963)
- Svein Ivar Moen (1973)
- Svein jarl (–1016)
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for variant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Svein, Svend og Sven slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Svein var på topp 1945–1949 og Svenn noko seinare (1965–1969). Svein er klart meir brukt enn variantane Sven, Svend og Svenn. Naturleg nok var den danske forma Svend mest vanleg på 1800-talet. Stavemåten Sven, som er einerådande i Sverige, kan i Noreg vere påverka av svensk ortografi. Også mange andre einstava nordiske mannsnamn hadde – som Svein og Svenn – toppfasen sin innanfor perioden 1920–1979, til dømes Bjørn, Dag, Finn, Geir, Jarl, Kjell, Leif/Leiv, Odd, Rolf/Rolv, Stein/Sten, og Ulf.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Svein var mest brukt i Telemark.
Les meir i Store norske leksikon
- mannsnamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.