Faktaboks

Svava Jakobsdóttir
Fødd
4. oktober 1930, Neskaupstaður
Død
21. februar 2004, Reykjavík

Svava Jakobsdóttir var ein islandsk forfattar. Ho har hatt stor betydning for seinare islandsk prosakunst.

Svava debuterte i 1965 med novellesamlinga 12 konur (12 kvinner). Leigandinn (1969, omsett til norsk som Leigebuaren, 1976) er ein av dei viktigaste romanane i moderne islandsk litteratur. Han kan lesast som ein allegori om undertrykking av kvinner men også av små nasjonar. Boka har fått stor betydning for seinare islandsk prosakunst.

Blant dei viktigaste bøkene hennar frå dei seinare åra er romanen Gunnlaðar saga (1986, omsett til norsk som Fortellingen om Gunnlod, 1990), der ho blandar samtidsskildring med ei mytisk fortid. I 1989 kom den fine novellesamlinga Undir eldfjalli (Under ein vulkan).

Stilen hjå Svava Jakobsdóttir var ofte prega av kvardagsrealisme som blir sprengd av ei overskridande fabuleringskraft, der uttrykket kan minne om surrealisme.

Kvinnesak, krigstrussel og sosial undertrykking er tema som ho ofte skreiv om, også i skodespela sine. Som dramatikar blir ho rekna blant dei fremste på Island, med skodespel som til dømes Lokaæfing (Generalprøve, 1983).

Svava Jakobsdóttir representerte Venstresosialistane på Alltinget i 1971–1979. Ho var syster av forfattaren Jökull Jakobsson.

Romanar i norsk omsetjing

  • Leigebuaren. Omsett til norsk av Ivar Eskeland. (Nordisk bibliotek, 3.) Oslo: Noregs Boklag, 1976.
  • Fortellingen om Gunnlod. Omsett av Jon Gunnar Jørgensen. Oslo: Cappelen, 1990.

Noveller i norsk omsetjing

  • Diktinga om meg sjølv. Omsett av Helga Kress og Idar Stegane. I: Bjørg Saunes (red.) 1990. Nordiske fortellere. Oslo: NRK. 12–13.
  • Forteljing for born. Omsett av Helga Kress og Idar Stegane. I: Kress, Helga og Idar Stegane (red.) 1976. Lystreise og andre islandske noveller. Oslo: Pax. 38–45.
  • I mannens draum. Omsett av Helga Kress og Idar Stegane. I: Vinduet, 2/1977. 34–36.
  • Krabbedyr, bryllaup, død. Omsett av Helga Kress og Idar Stegane. I: Kress, Helga og Idar Stegane (red.) 1976. Lystreise og andre islandske noveller. Oslo: Pax. 31–7.
  • Kvinne med spegel. Omsett av Helga Kress og Idar Stegane. I: Kress, Helga og Idar Stegane (red.) 1976. Lystreise og andre islandske noveller. Oslo: Pax. 46–54.
  • Kvinne, stut og barn. Omsett av Helga Kress og Idar Stegane. I: Helga Kress (red.) 1979. Drøm om virkelighet. Islandske noveller om og av kvinner. Oslo: Tiden. 169–73.
  • Utfordring. Omsett av Gunhild Stefánsson. I: Hanssen, Toril m.fl. (red.) 1992. Det kalles kjærlighet. Noveller av kvinner fra andre land. 118–25.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Lunden, Eldrid 1982. Angsten for mannen i gata, i Essays. Oslo: Samlaget. 122–34.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg