Faktaboks

Sula
Indre Solund, Indre Solundøy
Etymologi
norrønt sól, ‘fure, innsnitt’

Sula er hovudøy i Solund kommune i Vestland fylke. Sula ligg på nordsida av Sognesjøen, som er den ytre delen av Sognefjorden. Lange, tronge fjordar skjer seg inn i øya, særleg frå nord. Hagefjorden frå nord og Nesfjorden frå sør deler øya nesten i to.

Øya har eit areal på 116 kvadratkilometer, Dei fleste av dei 820 innbyggjarane i kommunen bur på øya. Administrasjonssenteret er Hardbakke med 334 innbyggjarar (2019) på vestsida av øya.

Berggrunnen på Sula er bygd opp av devonsk sandstein og konglomerat som ligg i lag med fall mot søraust (sjå artikkel om devonfelta på Vestlandet). Høgaste punkt er Krakhellenipa på 569 meter over havet.

Over øya går riksveg 606. Frå Krakhella på austsida av øya går det ferjesamband til fastlandet. Det er bru over Indre Steinsund vestover til Steinsundøy.

Kart

Sula
Sula
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg