Faktaboks

Innbyggjartal
451 (SSB, 2023)
Landareal
0,5 km²
Tettstadsnummer
6132 Straumgjerde

Straumgjerde er ein tettstad i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,5 km², og har 451 innbyggjarar (2023).

Straumgjerde ligg på fylkesveg 60 ved botnen av Sykkylvsfjorden. Tettstaden, som ligg på eidet mellom Fitjavatnet (2 meter over havet) og fjorden og i lia på austsida, har møbel- og verkstadsindustri. Det blir drive noko laksefiske i den korte elvestrekninga mellom Fitjavatnet og fjorden.

Kart

Straumgjerde
Straumgjerde
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg