Strandebarm

Hardangerfjorden sett frå Strandebarm.

Strandebarm er eit sokn og ein tidlegare kommune i Hardanger i Vestland fylke.

Strandebarm kommune blei oppretta i 1837 som eit ledd i innføringa av det lokale sjølvstyret. Då omfatta kommunen, forutan noverande Strandebarm sokn i Kvam kommune, også noverande Varaldsøy sokn i Kvinnherad kommune, likeså Kysnesstranda i den seinare Jondal kommune, som frå 2020 utgjer ein del av Ullensvang kommune.

Strandebarm kommune blei i 1862 delt ved at Jondal kommune blei skild ut, og i 1902 fekk Strandebarm ei ny deling ved at Varaldsøy sokn blei skild ut som eigen kommune. Etter denne delinga utgjorde Strandebarm 112 km2 og hadde 1661 innbyggjarar.

I 1965 blei Strandebarm kommune nedlagd ved at området nord for Hardangerfjorden med 1545 innbyggjarar blei lagt til Kvam kommune, medan Kysnesstranda på sørsida med 100 innbyggjarar blei lagt til Jondal kommune (etter 2020 Ullensvang kommune). Strandebarm hadde ved nedlegginga som eigen kommune 1645 innbyggjarar.

Noverande Strandebarm sokn omfattar Kvams del av den tidlegare kommunen og har 1673 innbyggjarar (2023).

Namnet kjem av strand og barmr, her i tydinga 'vik'.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg