Storofsen
Kart over flaumutsette elvestrekningar (markert med raud strek) under Storofsen i 1789. Dei raude prikkane viser til kjende ulykker som følge av flaumen utanfor dei ramma elvestrekningane.
Av /NVE.

Storofsen var ein stor flaumkatastrofe som ramma fleire dalføre i Sør-Noreg i juli 1789. Store areal, åker, eng og skog vart øydelagt. Tusenvis av husdyr drukna og mange menneske omkom under flaumen.

Faktaboks

Etymologi
av ofse, ‘heftighet, voldsomhet’

Seinvinteren 1789 kom det store mengder snø på Austlandet. Høge temperaturar og tidvis mykje regn skapte sterk snøsmelting frå midten av juni. Vassdraga var difor flaumstore av smeltevatn frå høgfjellet i Gudbrandsdalen, Østerdalen og Glåmdalen då eit forrykande regnvêr byrja 20. juli. Fram til 23. juli var det kraftige jordskred og svært stor flaum.

I Gudbrandsdalslågen skal vatnet ha stått sju meter over normalen. Glomma gjekk likeins kraftig over sine breidder, med ei vassføring kring 5000 kubikkmeter per sekund. Vasstanden i Mjøsa steig ti meter over det normale.

Klimatiske forhold

Flaumstøtte i Lalm
Flaumstøtte i Lalm i Vågå. Øvste streken syner vasstanden under Storofsen, 22. juli 1789.
Av .
Lisens: CC BY 4.0

Perioden frå midten av 1500-talet til midten av 1800-talet er den kaldaste perioden av den lille istida. Breane vaks. I åra etter 1783 vart det kalde klimaet i Europa forsterka av eit kolossalt utbrot i vulkanrekka LakiIsland. Enorme mengder svovelhaldig gass vart frigjorde, og vindretninga gjorde at disen spreidde seg til Europa. Noreg vart særleg ramma indirekte av effektane gassane hadde på klimaet. Åra 1787 og 1788 var uvanleg kalde i Sør-Noreg, med dårlegare snøsmelting enn vanleg i fjellet. Vêrforholda i juli 1789 førte derimot til rask smelting i første halvdel av juli, med temperaturar oppimot 30 °C og mykje vassdamp.

Sirkulasjonen av lufttrykk skapte dinest ekstreme nedbørsmengder frå 20. juli. Eit lågtrykk frå Polen vart pressa nordover av eit høgtrykk frå Vest-Europa, medan eit stabilt høgtrykk over Finland og Russland hindra vidare drift austover. I tillegg førte eit anna mindre lågtrykk frå kysten av Trøndelag kald luft sørover, som så kolliderte med den varme fuktige lufta frå Vest- og Sentral-Europa. Eit stort skybrot oppstod på Indre Austlandet frå 20. juli. Først 23. juli gav høgtrykket over Finland etter, så lågtrykket i Polen blei svekt og vêret byrja å klarna opp på Austlandet.

Flaumen

Sarpefossen
Sarpefossen
Av /Statens Museum for Kunst, København.
Flomstein ved Hamar

Flaumstein ved Mjøsa. Den høgaste markeringa nær toppen er vasstanden i 1789.

Flomstein ved Hamar
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Telen i jorda var svært tjukk i 1789, skapt av barfrosten frå det som lenge hadde vore ein tørr vinter. Då snøen låg lenge, vart teleløysinga sein. Den vasstrekte jorda tok difor opp ganske lite vatn då regnvêret sette inn for alvor i juli. Samtidig hadde auka hogst skapt større erosjon, mellom anna kring Vågå, som var eit av områda der Storofsen gjorde størst skade.

Gudbrandsdalslågen gjekk tidleg høg i styrtregnet frå 20. juli. Stadige ras førte jord, grus, buskar og trestammar ut i vatnet. Vassdraga vart demte opp, før korken så plutseleg gav etter. Særleg 22. juli gjekk det store skred som drog med seg hus og åkrar. I Kvam såg dei berre hustaka stikka opp av vatnet, fortalde augevitne seinare. Uvêret spreidde seg til Sør-Trøndelag og Nordvestlandet, der meir enn 200 gardar vart øydelagde i skred og flaum.

«Et saa overordentlig, uden Ophør vedholdende, Regn, at ingen kan erindre dets Lige», rapporterte Norske Intelligenz-Seddeler frå Valdres nokre veker etter Storofsen. 320 millimeter regn er det rekna ut at det kom på ein gard i Romsdalen. I Gudbrandsdalen må nedbørsmengdene ha vore større.

Ei samtidig vise skildra avmakta folk må ha kjent på: «Huus og Gaard bordtdrive, Med saadant Brag, at Dommedag man ventet skulde blive».

Skadar

72 menneske mista livet i Storofsen, 61 av dei frå Gudbrandsdalen. Kring 1000 gardar vart raserte i uvêret, meir enn 4000 hus vart totalskada. Berre i Fron vart 800 hus jamna med jorda og 20 personar omkom. I Vågå aleine omkom 24 menneske.

Store areal var øydelagde for mange år framover. Nede i dalane hadde flaumen vaska bort hus, åker og eng, medan skreda hadde rasert oppe i fjellsidene. Fleire stader var det ikkje mogleg å dyrka opp åkeren igjen. Mange mista alt dei eigde, dei fleste heile avlinga. Mange husdyr strauk med i flaumen, mykje av krøttera som overlevde hadde for lite fôr til vinteren. Ein stor del av bølingen måtte difor slaktast ned og omsettast til dårleg pris.

563 500 riksdalar vart skadane takserte til, nær 200 millionar 2022-kroner. Det var ein svært stor sum då, men anslaget var truleg for lågt.

Erstatning og verknadar

Bistanden som kom inn, var langt frå skadevurderinga. 20 000 riksdalar vart samla inn i kyrkjekollekt, pengar som ikkje kom fram før tre og eit halvt år seinare.

Eineveldet løyvde nokre midlar til oppbygging av veg og kyrkjer. Lån og skattelette var hjelpa folk elles fekk. Gardsskylda vart derimot ikkje endra, så skatten var uansett uråd å betala der eigedomen var øydelagd. Låna vart til gjengjeld prioriterte. Dei som stod att med minst eigedom til å stilla som garanti, og hadde størst behov for oppbygging, fekk difor låna minst.

For mange var løysinga å flytta. Særleg mange bønder frå Gudbrandsdalen og Østerdalen flytta til Bardu og Målselvdalen i Troms, ei utflytting som hadde starta før, men no vart forsterka. Dialektene i Indre Troms vart sterkt prega av denne tilvandringa. Utover 1800-talet var fråflyttinga og utvandringa særleg høg frå der Storofsen hadde ramma gardar og eigedomar hardt.

Storofsen førte i nokon grad til meir arbeid med flaumsikring, mellom anna ved opprettinga av ei kanal- og hamneinspektørstilling i Noreg i 1813.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Nordstoga, Olav (2004): Storofsen 1789 sammenlignet med Vesleofsen 1995
  • Sommerfeldt, Wilhelm (1972): Ofsen i 1789: og virkninger av den i Fron, isbn 82-990-0150-1
  • Østmoe, Arne (1985): Stor-ofsen 1789: Værsystemet som førte til den største flomkatastrofen i Norge, isbn 82-737-9001-0

Kommentarar (2)

skreiv Anders Njål Hansen

"I Gudbrandsdalen og Østerdalen regnes Storofsen mange steder som den verste ulykken i historisk tid nest etter Svartedauden." Setningen i seg selv bekrefter noe som er helt uklart. Hvorfor er det en sammenlikning mellom navnet Storofsen og navnet Svartedauden? Svartedauden er ingen flomkatastrofe i bebodde strøk langs elver. Yersinia pestis rammet mange mennesker både på grunn av mangel på resistens og særlig mangel på hygiene, og inntraff uavhengig av klimatiske forhold. Og så er det en helt merkverdig sammenblanding siden angiveligvis Digerofsen inntraff i 1340-årene - en ganske befolket periode. Skal det egentlig være en sammenlikning mellom Digerofsen og Storofsen? Svartedauden er nok det verste som har skjedd likevel, men jeg forstår ikke sammenlikningen. Det verste som har skjedd siden Svartedauden.... eller 540-tallet? Ellers så kunne man gått mer i dybden på hvordan mennesker levde ved siden av elvene, jordbruk/skogbruk.

svarte Ida Scott

Hei Anders, Det er nok bare en sammenligning brukt for å illustrere hvor hardt hendelsen rammet befolkningen i området. Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg