
Kommunevåpen
begrenset lisens

Plassering
©KF-bok - begrenset lisens
Stord, kommune i Hordaland fylke, i Sunnhordland, omfattar den søraustlege halvparten (ca. 127 km2) av øya Stord, øyane Huglo (13,9 km2), Føyno (1,3 km2) og nokre småøyar.
Natur
Den søraustlege delen av Stord er eit småkupert lågland med sterkt omdanna kambrosiluriske sediment, først og fremst fyllitt, omdanna sandstein og grønstein, men også marmor og jaspis. Fyllitten forvitrar lett til god dyrkingsjord, og landskapet ligg lunt til for havvindar.
Næringsrik berggrunn og gunstig klima gjer at planter som barlind og kristtorn trivest. Kristtorn er eit kjennemerke for kommunen og vert nytta i kommunevåpenet.
Skiferen på Stord inneheld mykje svovelkis. I grønsteinen på Litlabø var det drift etter svovelkis fram til 1968. På Vikanes har det vore marmorbrot, og på Huglo har kalksteinsbrot vore ei viktig attåtnæring frå 1500-talet.
Bakom låglandet, langs ei linje frå Sagvåg i sørvest til Jektevik i nordaust, reiser seg eit høgdedrag med topper på over 700 moh., høgast når Mehammarsåto (749 moh.) lengst i nord. I dette fjellpartiet er det ymse harde storkningsbergartar, m.a. omdanna basaltlava, ryolittlava, gabbro og granitt. Kysten i aust er etter måten jamn, men i sør og vest er det mange bukter og vågar med gode hamner.
Busetnad
Det meste av busetnaden er konsentrert på kyststripa i sør. Her ligg dei to store tettstadene Leirvik (11342 ib. 2008) og Sagvåg (3259 ib. 2008). Folketalet i kommunen voks sterkt frå midt på 1950- talet og fram til slutten av 1970-åra. Mellom 1950 og 1972 dobla folketalet seg, og i 2006 var det tredobla i forhold til 1950. Årsaka til auken var den sterke utbygginga av A/S Stord Verft etter at Aker frå 1956 kom inn som medeigar.
Næringsliv
Industri var hovudnæringa i Stord alt frå 1920, og frå 1946 og fram til 1970-åra arbeidde meir enn halvparten av alle yrkesaktive innanfor industri/handverk. Verkstadindustrien er den viktigaste bransjen med Aker Solutions, Aker Kværner Elektro og Leirvik Module Technology som dei store verksemdene. Alle tre konsentrerer seg om offshoreinstallasjonar og landanlegg for oljeutvinning. Aker Solutions (Aker Stord) bygde inntil 1975 supertankarar på inntil 370 000 tonn dv. Men då krakket i tankmarknaden kom, gjekk selskapet over til å byggja dekka til dei store produksjonsplattformene i Nordsjøen.
I år 2000 var 63 % av dei yrkesaktive tilsette innafor handels- og servicenæringane, medan berre 1 % var knytt til primærnæringane.
Samferdsel
Leirvik er eit kommunikasjonssentrum med snøggbåtsamband og bussruter m.a. til Haugesund, Stavanger og Bergen. Bilferjesamband frå Skjersholmane til Halsnøy, Borgundøy og Fjelbergøy, og frå Jektevik til Huglo og til Hodnanes på Tysnes (Rv. 49). På vestsida av Stord går Rv. 545, langs austkysten E39 (Kristiansand–Trondheim). Trekantsambandet opna 2001 og gjev fastlandssamband på E 39 sørover, og dessutan brusamband til Bømlo (Rv. 542). På Stokken heilt i vest er kortbaneflyplass, Stord lufthamn, Sørstokken.
Offentlige institusjonar m.m
Stord er eit skulesenter med m.a. Høgskolen Stord/Haugesund (m.a. lærar- og sjukepleiarutdanning) og vidaregåande skule. Stord sjukehus er somatisk sjukehus for kommunane Stord, Tysnes, Bømlo, Fitjar og Kvinnherad.
Avisa Sunnhordland kjem ut i Leirvik fem dagar i veka. Lokalkontor for NRK. På fjellet Kattnakken er Stord fjernsynssendar (724 moh.).
Stord svarer til Stord og Nysæter sokn i Stord prestegjeld, Sunnhordland prosti i Bjørgvin bispedøme, Stord lensmannsdistrikt i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt og høyrer under Sunnhordland tingrett.
Historikk og kultur
I Hystadmarkjo kan ein sjå 12 gravrøyser, nokre av dei har gjeve rike funn frå bronsealderen. I Sunnhordlandstunet i Leirvik har Sunnhordland Museum samlingane sine, med ti bygningar frå ulike stader i Sunnhordland, m. a. Ådlandsstova, ei årestove fra mellomalderen. Her er også ei rik samling modellar laga av bilethoggaren Torleiv Agdestein frå Stord. Stord maritime museum i Leirvik har m.a ei rik samling motorar. På Litlabø er mange interessante spor etter om lag 100 års bergverksdrift. Gruvemuseum.
I Leirvik er stort kulturhus med 25 m symjebasseng. Stord kyrkje vart bygd i 1857 og restaurert i 1957. Utanfor kyrkja er reist krigsminnesmerke over dei falne under andre verdskrigen. Kunstnar er Torleiv Agdestein. Nysæter kyrkje vart reist i 1992.
Stord kommune har bystatus frå 1997.
Kommunevåpenet
Kommunevåpenet (godkjent 1987) har ein gull kristtorn mot raud bakgrunn; planten er vanleg på øya.
Om namnet, sjå øya Stord.
Kommentarer
Har du innspill til artikkelen? I så fall vil vi gjerne høre dem.
Du må være logget inn for å kommentere.