Faktaboks

Statens institutt for rusmiddelforskning
SIRUS

Statens institutt for rusmiddelforskning, forkorta SIRUS, var eit tidlegare institutt som på uavhengig basis utførte og formidla forsking og dokumentasjon omkring rusmiddelspørsmål, med særleg vekt på samfunnsvitskaplege problemstillingar.

SIRUS var samstundes eit statleg forvaltningsorgan underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Instituttet var Noregs kontaktpunkt for Det europeiske narkotikaovervakingssenteret i Lisboa, EMCDDA.

SIRUS blei oppretta i 2001 ved samanslåing av Statens institutt for alkohol- og narkotikaforsking (SIFA) og dokumentasjonsseksjonen og biblioteket i Rusmiddeldirektoratet.

Frå 1. januar 2016 blei SIRUS innlemma i Folkehelseinstituttet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg