Stanghelle er ein tettstad i Vaksdal kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,4 km², og har 756 innbyggjarar (2023).
Stanghelle ligg ved munninga av Dalevågen, på austsida av Veafjorden. Stasjon på Bergensbanen. Gjennom tettstaden går E 16.
Namnet kjem av norrønt stǫng, 'stong', og heller, 'utoverhengande berg'.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.