Joseph Greenbergs afrikanske språkfamiliar / Stephen Huffman
Klassifiseringa av dei afrikanske språka i fire store språkfamiliar er omstridd.
Joseph Greenbergs afrikanske språkfamiliar / Stephen Huffman
Lisens: CC BY SA 3.0

Språka i Afrika høyrer til mange ulike språkfamiliar og varierer sterkt i struktur. Ein reknar med at det finst i overkant av 2000 forskjellige afrikanske språk. Då er ikkje dialektar inkluderte.

Språkleg mangfald

I høve til folketalet er Afrika den verdsdelen som har det største språkmangfaldet. Éi mogeleg årsak til dette er at Afrika er «menneska si vogge». I Afrika oppstod Homo sapiens for om lag 300 000 år sidan, i Afrika må språket ha oppstått for over 100 000 år sidan, og i Afrika har språka hatt mykje lengre tid på å dele seg i ulike variantar enn nokon andre stader i verda. Men i det heile er det språklege mangfaldet stort i dei delane av verda der folk ikkje treng å reise – eller kan reise – så langt for å skaffe seg alt dei treng. Dette gjeld tropiske og subtropiske strok over heile verda – altså ikkje berre Afrika, men i like stor grad i Sør- og Mellom-Amerika og Ny-Guinea-området.

Afrikanske språkfamiliar

Sidan den amerikanske språkforskaren Joseph Harold Greenberg i 1963 gav ut boka The languages of Africa, har det vore vanleg å dele dei afrikanske språka i fire hovudfamiliar, som vist lenger nede.

Talet på familiar er likevel sterkt omstridt. Mange språkforskarar meiner grunnlaget for å operere med berre fire familiar er mangelfullt, og at eit meir realistisk tal ligg truleg på over tjue, jamfør artikkelen språkfamiliar og språkisolat i Afrika.

Det blir tala ein del språk i Afrika som Greenberg ikkje tok med i klassifikasjonen sin, fordi dei høyrer heime i språkfamiliar i andre verdsdelar. På Madagaskar talar dei (mada)gassisk, som høyrer til dei malayo-polynesiske språka i den austronesiske språkfamilien. I det austlege og sørlege Afrika blir indoariske språk som hindi og gujarati nytta av innvandrarar frå det indiske subkontinentet. I det sørlege Afrika blir dei germanske språka engelsk og afrikaans nytta av både europeiske innvandrarar og av folk med afrikansk avstamming. Fleire stader i Afrika finst det folkegrupper som talar kreolspråk. Greenberg tok heller ikkje med teiknspråka til døve.

Klassifikasjonen av afrikanske språk hos Greenberg

Den amerikanske språkforskaren Joseph Harold Greenberg presenterte i 1963 ein klassifikasjon av språka i Afrika. Han delte dei i fire språkfamiliar, med ein del undergrupper:

1. Kongo-kordofanske språk, med to hovudgrupper, kordofansk og Niger-Kongo-språk. Niger-Kongo-språka delte han i seks greiner:

  • vestatlantiske språk, i dag oftast kalla atlantiske språk
  • mandespråk
  • voltaiske språk, i dag oftast kalla gurspråk
  • kwaspråk
  • Benue-Kongo-språk, med undergruppene Platå-språk, jukunoide språk, Cross River-språk og bantoide språk. Mellom dei bantoide språka finn vi mellom anna bantuspråka.
  • Adamawa-Ubangi-språk, som Greenberg kalla Adamawa-Eastern

2. nilo-sahariske språk, med seks greiner:

  • songhai
  • sahariske språk
  • mabanske språk
  • fur
  • Chari-Nil-språk, med fire undergrupper: austsudanske språk, sentralsudanske språk, berta og kunama

3. afroasiatiske språk, med fem greiner:

4. khoisanspråk, med tre greiner:

Ein meir detaljert gjennomgang av klassifikasjonen til Greenberg finst i artikkelen «Joseph H. Greenberg sin klassifikasjon av afrikanske språk».

Hjelpespråk, offisielle språk og skulespråk i Afrika

Hjelpespråk

På grunn av det store språkmangfaldet i Afrika blir det nytta ei mengd regionale hjelpespråk (lingua franca) på tvers av språkgrenser, folkegrupper og landegrenser. I Nord-Afrika er arabisk mest utbreitt, i Aust-Afrika swahili og i Vest-Afrika hausa. Andre viktige hjelpespråk er lingala, fanagalo, sango, bambara-maninka, fulfulde, amharisk, wolof og kongo. Mange stader i Afrika – mellom anna i delar av Senegal, Mali, Nigeria og Kamerun – må ein meistre tre språk for å fungere i samfunnet: det lokale førstespråket (morsmålet), det regionale hjelpespråket og det nasjonale offisielle språket.

Offisielle språk

I mange land sør for Sahara blir dei gamle kolonispråka engelsk, fransk, portugisisk og spansk enno nytta som einaste offisielle språk. Unnataka er Sør-Afrika, Lesotho, Swaziland, Zimbabwe, Malawi, Zambia, Rwanda, Burundi, Tanzania, Kenya, Uganda, Somalia, Etiopia og Eritrea, der eitt eller fleire lokale språk er offisielle, oftast attåt eit kolonispråk, og dei landa nord i Afrika der arabisk er det einaste eller eitt av fleire offisielle språk: Mauritania, Tsjad, Sudan, Djibouti, Egypt, Libya, Tunisia, Algerie og Marokko. I nokre statar har afrikanske språk offisiell status i delstatar. Eit døme er Etiopia, der amharisk er offisielt språk på nasjonalt nivå, medan oromo er offisielt språk i delstaten Oromia, somali er offisielt språk i delstaten Sumale, tigrinja er offisielt språk i delstaten Tigray, og afar er offisielt språk i delstaten Afar.

Skulespråk

Ein grunnskuleklasse i landsbyen Wogomdou i Nord-Kamerun. Dei fleste elevane har nizaa som førstespråk, men all undervisning skjer på fransk.

Det er ikkje uvanleg at det gamle kolonispråket er det einaste språket born lærer på skulen, trass i at borna ikkje talar dette språket når dei begynner på skulen – med dramatiske følgjer. Det tek ofte fleire år før elevane forstår alt som skjer i timen, mange må gå fleire år på same skuletrinn, og mange droppar ut av skulen.

I dei landa der lokale språk blir nytta i skulen, gjeld dette med få unnatak berre dei første åra i grunnskulen. I dei øvste klassane i grunnskulen og i høgare skular dominerer kolonispråka, og på universiteta er dei bortimot einerådande. Den utbreidde mangelen på lærebøker på afrikanske språk er ei viktig årsak til denne situasjonen. I Etiopia er amharisk offisielt språk, medan all undervisning på universitetet i Addis Abeba (Addis Ababa University) skjer på engelsk.

Strukturelle drag ved afrikanske språk

Afrikanske språk høyrer ikkje berre heime ei lang rekkje forskjellige språkfamiliar. Dei varierer også sterkt i grammatisk og fonologisk struktur.

Grammatikk

Eit svært utbreitt grammatisk fenomen i afrikanske språk er genus: Substantiva er delte i to eller fleire grupper som krev forskjellig kongruens ved mellom anna adjektiv, talord og pronomen. I afroasiatiske språk er det vanleg med to genus, maskulinum og femininum. I nokre khoisanspråk, som khoekhoe, er det tre genus, maskulinum, femininum og nøytrum. Språk i alle greiner av niger-kongofamilien unnateke mandespråka har genus, til vanleg mellom ti og tjue, som skil seg semantisk frå kvarandre ved motsetnader som menneske/ikkje-menneske, teljeleg/ikkje-teljeleg eller form. Eit anna typisk trekk ved afrikanske språk er at syntaktisk funksjon blir uttrykt på andre måtar enn ved hjelp av kasus. Kasus finst stort sett berre i afroasiatiske og sahariske språk. I andre språk er det oftast ordstilling eller morfologisk markering på verbet som viser kva som er til dømes subjekt eller objekt.

Fonologi

Afrikanske språk varierer sterkt fonologisk. Medan berberspråka tillèt mange konsonantgrupper, som i tashelhit lqiṣt 'historie', må i mange bantuspråk ein konsonant alltid følgjast av ein vokal, som i zulu isikole 'skule'. Dei fleste språka sør for Sahara har tonem (orddifferensierande tonegang), jamfør hausa bààbá 'pappa' og báábà 'mamma, tante', der gravis-aksent (`) markerer låg tone og akutt-aksent (´) markerer høg tone.

Afrikanske teiknspråk

Ein kjenner til 27 teiknspråk som blir nytta av døve i afrikanske land, som vist i lista nedanfor. I tillegg blir amerikansk teiknspråk (ASL) og nokre andre ikkje-afrikanske teiknspråk nytta i nokre afrikanske skular. Legg merke til at gassisk teiknspråk er i slekt med norsk teiknspråk (NTS).

  • adamorobe-teiknspråk, som har vore nytta i landsbyen Adamorobe i Ghana i omkring 200 år. Ikkje i slekt med andre kjende teiknspråk
  • algerisk teiknspråk, av ukjent opphav
  • bamako-teiknspråk i Bamako, hovudstaden i Mali. Ikkje i slekt med andre kjende teiknspråk
  • bura-teiknspråk, av ukjent opphav
  • egyptisk teiknspråk, av ukjent opphav
  • etiopisk teiknspråk, av ukjent opphav
  • gambisk teiknspråk, av ukjent opphav
  • gassisk teiknspråk, i slekt med norsk teiknspråk (NTS)
  • ghanesisk teiknspråk, i slekt med amerikansk teiknspråk (ASL)
  • guineansk teiknspråk, i slekt med amerikansk teiknspråk (ASL)
  • hausa-teiknspråk, ikkje i slekt med andre kjende teiknspråk
  • kenyansk teiknspråk, av ukjent opphav
  • kongolesisk teiknspråk, av ukjent opphav
  • libysk teiknspråk, av ukjent opphav
  • mbour-teiknspråk i Senegal, av ukjent opphav
  • marokkansk teiknspråk, av ukjent opphav
  • mosambikisk teiknspråk, av ukjent opphav
  • namibisk teiknspråk, av ukjent opphav
  • nigeriansk teiknspråk, i slekt med amerikansk teiknspråk (ASL)
  • sierraleonsk teiknspråk, av ukjent opphav
  • sørafrikansk teiknspråk, i slekt med britisk teikspråk (BSL)
  • tanzaniansk teiknspråk, ikkje i slekt med andre kjende teiknspråk
  • tsjadisk teiknspråk, av ukjent opphav
  • tunisisk teiknspråk, av ukjent opphav
  • ugandisk teiknspråk, av ukjent opphav
  • zambisk teiknspråk, ikkje i slekt med andre kjende teiknspråk
  • zimbabwisk teiknspråk, av ukjent opphav

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg