Relieff og maleri i egyptiske graver kan vere svært detaljerte, og gjev oss mykje informasjon om klesdrakter, kosmetikk og moter. Frå grava til Maya og Merit i Sakkara, ca. 1334 - 1310 fvt. Foto: Anders Bettum
.
Lisens: fri
Ein egyptisk soldat tvingar ein nubisk høvding til å underkaste seg den egyptiske overmakta etter eit krigstokt utført av general Horemheb. Nubiern er framstelt i større skala enn den egyptiske soldaten for å markere skilnaden i sosial status. Dei unge skrivarane registrerer krigsbyttet. Frå Horemhebs grav i Sakkara. Ca. 1319 fvt. Foto: Anders Bettum
.
Lisens: fri
Banketscenar er ofte del av avbiletingar i gravene frå det nye riket, og som del av desse kan ein ofte finne kvinner som underholder med musikk og dans. Frå grava til Nakht i Sheikh abd el-Qurna (TT52), ca. 1400 - 1390 fvt. Foto: Reinert Skumsnes
.
Lisens: fri

Akrobatiske dansarar avbilda i grava til Mereruka i Sakkara. Ca. 2305 - 2297 fvt. Foto: Anders Bettum

.
Lisens: fri

Sosiale forhold i Det gamle Egypt handlar om korleis folk flest i riket levde. På det meste kan det ha levt så mange som fem millionar menneske i Det gamle Egypt, dei fleste langs Nilen. Samfunnet var sterkt hierarkisk, og var organisert som eit jordbrukssamfunn der folk flest var bønder og arbeidde i jordbruket. Ein ukjend del av befolkninga var slavar. Folk budde i relativt store hushald, der familiemedlemer frå fleire generasjonar budde saman. Kvinner og menn levde saman i par, men utan noko ekteskap i moderne forstand. Samanlikna med andre samfunn i oldtida hadde kvinna ei relativt sterk stilling i Det gamle Egypt.

Et jordbrukssamfunn – næring og virke

Det gamle Egypt var eit typisk jordbrukssamfunn der dei fleste var bønder eller arbeidde innanfor jordbruket. Det regnar nesten ikkje i Egypt, og det gamalegyptiske jordbruket var den gongen, som i dag, heilt avhengig av vatnet frå Nilen. Kvart år til same tid, etter regntida i dei etiopiske fjella lenger sør, fløymde elva over breiddene sine. Når elva langsomt byrja å trekkje seg attende frå elvesletta, la den igjen eit tjukt svært fruktbart lag av slam. I dette slammet planta egyptarane kornet sitt.

I dag er Nilen demma opp, og jordene blir vatna og gjødsla kunstig. I Det gamle Egypt var det den årlege flommen som sørgde for dette. Vatnet og det fruktbare slammet gav grunnlaget for eit svært produktivt jordbruk.

Effektivisering av jordbruket mot slutten av den predynastiske perioden gjorde det mogleg for deler av befolkninga å fokusere på andre oppgåver. Likevel skulle det gå lang tid før ein kan snakke om ein profesjonalisering av yrkeslivet. Dei fleste som beherska eit handverk jobba antakeleg også i jordbruket, i alle fall deler av året.

Demografi og samfunnslag

Samfunnet i Det gamle Egypt var i all hovudsak hierarkisk, der ein svært liten del av befolkninga utgjorde den øvste delen av samfunnspyramiden. Eit hierarki av embetsmenn styrde landet, og på toppen av hierarkiet ein farao, gudekongen.

Det rike jordbruket gav igjen grunnlaget for ein stor folkesetnad langs Nilens breidder. På det meste kan det ha levt så mange som fem millionar menneske i Det gamle Egypt. Befolkningstettleiken må ha vore relativt liten i forhold til det moderne Egypt, men det ser ut til å ha vore ein jamn befolkningsvekst frå det gamle riket (ca. 2543–2120 fvt.) til den gresk-romerske perioden (332 fvt.–ca. 395 evt.).

Familien

Ekteskap, slik me i moderne tid kjenner det, eksisterte ikkje i Det gamle Egypt. Prosessen var enkel, og utan noko kjent seremoni: Ein flytta inn, budde saman og fekk barn.

Den mest vanlege terminologien refererer i all hovudssak til ein aktiv mann, og ei passiv kvinne, og samsvarar slik med teoriar om kvinna som gåve. På den andre sida ser ein at meir kjønnsnøytral terminologi vart vanleg under Det nye riket, og frå seindynastisk tid (664–332 fvt.) eksisterer det kjelder som antyder at kvinna også kunne vera den initiativtakande parten.

Barn fullbyrda bandet mellom mann og kvinne, og kjeldene tyder på at idealet var mange barn. Barn var viktig som arbeidskraft, men fungerte også som eit sikringsnett gjennom gjensidig omsorg og forpliktingar.

Trass i at det berre var dei øvste sosiale lag som hadde midlane og kontaktane som skulle til for å lage monumentale gravanlegg, er ofte menn og kvinner av lågare sosiale lag avbileta som del av bakgrunnen.

Likevel må ein hugse at eit gravkammer er eit monument laga for etterlivet med eit sterkt fokus på eigaren, og såleis mest sannsynleg speglar optimale eller ønskelege tilhøve, snarare enn faktiske tilhøve. Dessutan var slike monument basert på eit sett reglar danna av eliten, også kjent som «dekorum», som avgjorde korleis alt kunne visast og beskrivast.

Kjønnsroller

Kjønnsrollene i Det gamle Egypt var knytt til sosial status, men også andre aspekt som tilhøva kring kvart einskild individ. Dessutan spela tid og stad ei viktig rolle, og slik var kjønnsrollene i konstant endring. Desse endringane skuldast politiske og sosiale strømmingar, som i all hovudsak bevegde seg vertikalt frå topp til botn av hierakiet, med ringverknadar på blant anna yrkesliv og økonomi.

I periodar med stor økonomisk vekst ser det ut til at kvinner fekk fleire rettar. Generelt synest kvinner frå dei øvre sosiale lag å ha hatt ei friare stilling i Egypt enn i andre oldtidssamfunn det er naturleg å samanlikne med. Ein veit mindre om kjønnsrollefordelinga blant dei lågare klassene.

Slavar

Slaveriet i Det gamle Egypt har ein lang og uavklart historie innan fagmiljøet, og spranget er stort mellom dei som hevdar slaveri ikkje eksisterte, til dei som hevdar at folk flest var slavar. Det som likevel er sikkert, er at soldatar kunne ta med seg krigsfangar heim frå tokt, og frå det nye riket (cirka 1550–1069 fvt.) kan ein av kjeldene sjå ei auke i kjøp, sal, arv, og leige av menneske.

I Det gamle testamentet (2. Mosebok) er det skildra korleis israelittane vart tvinga til tungt kroppsarbeid i forbinding med bygginga av to nye byar. Ein trudde difor lenge at slaveri var utbreidd i Det gamle Egypt.

Moderne utgravingar av landsbyane rundt pyramidane og andre byggeplassar fortel likevel ein anna historie. Funn frå desse utgravingane viser at arbeidarane levde på ein diett beståande av brød, øl, fisk og kjøt. Kheopspyramiden er sannsynlegvis bygd av utskrivne bønder som jobba tre månadars skift på pyramiden, og var heime på garden resten av året.

Individuelle variablar avgjorde fridomen til det einskild menneske. Dei ulike sosiale gruppene langt frå lukka, og det var ikkje uvanleg med bevegelse både opp og ned i det sosiale hierarkiet. Dette kunne blant anna skje gjennom yrke, ekteskap og adopsjon. Den vanlegaste orsaka for bevegelse nedover var gjennom straff for gjeld og kriminelle handlingar.

Kjelder

Vår kjennskap til sosiale forhold i Det gamle Egypt stammar frå ulike typar kjelder. Mest kjem nok frå diverse avbiletingar og tekstar i gravkammer, samt diverse objekt. Dei rikt illustrerte kjeldene viser religiøse og ideologiske aspekt, men også jordbruksscener og handverk, samt diverse former for underhaldning. Frå desse scenane kjenner ein dei mest vanlige yrkesgruppene, diverse verkty, musikkinstrument, ein kan følgje motar, samt bruk av utsmykking og kosmetikk.

Gravkammer frå det midtre riket (cirka 1980–1760 fvt.) inneheld dessutan ofte modellar av diverse kvardagslige aktivitetar. Mange av desse kan ein kjenne igjen frå avbiletingar, men då desse er tredimensjonale, vil dei naturlig nok vera tettare opp til røynda enn todimensjonale avbiletingar.

Den kanskje viktigaste kjelda til sosiale forhold er restane etter (lands)byar som Wah-Sut (Abydos), Giza, Lahun, Deir el-Medina, Amarna og Tell el-Daba. Desse er alle byar som eksisterte i korte tidsrom, før dei vart tildekka og konservert i sand, og først i våre dagar har dei igjen fått sjå dagens lys. Ikkje berre kan ein vandre gatelangs, gå inn i hus, og observere leveforholda på nært hald, men funn av diverse møblar, kosmetikk, klede og dessutan skriftlige dokument er uvurderlige i forståinga av sosiale forhold.

Antropologien har lenge argumentert for at gåveutveksling og resiprositet var limet som batt individ, familiar, grupper, landsbyar og land saman. Ikkje uventa, visar også nyare forsking frå Det gamle Egypt at samfunnsstrukturane var basert på nettopp resiprositet. Kjernefamilien, så vel som storsamfunnet, med kongen på toppen, var alle basert på patronklient forhold, med eit gjensidig avhengeforhold til kvarandre.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Baines, John (2007). Visual and Written Culture in Ancient Egypt. Oxford & New York: Oxford University Press.
  • Kemp, Berry (2012). The City of Akhenaten and Nefertiti: Amarna and its People London: Thames & Hudson Ltd.
  • Lehner, Mark (1997). The complete pyramids. London: Thames and Hudson.
  • Kemp, Barry J., (2006). Ancient Egypt: Anatomy of a Civilization. 2 ed. London: Routledge

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg