Smørstabbtindan
Smørstabbrean og Smørstabbtindan sett frå nordvest.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0
Sognefjellsvegen
Smørstabbrean i juni, sett frå Sognefjellsvegen.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Smørstabbrean er eit breparti i Lom kommune, eit av Jotunheimens største. Det ligg mellom Storutladalen–Gravdalen i sør, Leirdalen i aust og Breidseterdalen–Bøverdalen i vest og nord. Brearealet er i alt om lag 25 kvadratkilometer. Smørstabbrean ligg i Jotunheimen nasjonalpark.

Faktaboks

Også kjend som

Smørstabbreen

Smørstabbrean er krona av dei spisse Smørstabbtindan med fleire toppar over 2000 moh.:

  • Storebjørn 2222 meter over havet
  • Store Smørstabbtinden 2208 meter over havet
  • Sokse 2189 meter over havet
  • Kniven 2133 meter over havet
  • Skeie 2118 meter over havet

Namnet Smørstabbrean blir mest brukt om breen sør for desse toppane. Dei andre breane har eigne namn: Bøverbrean og Leirbrean i vest, Storbrean og Bjørnbrean i aust.

Fleire turistruter går over breen, mest brukt er ruta KrossbuLeirvassbu.

Som dei fleste norske breane er Smørstabbrean i tilbakegang, med ein stort sett negativ årleg massebalanse. Tabellen syner brearealet i dag og brefrontens tilbaketrekning 1900-2015.

Bre Areal (km2) Tilbaketrekning (m)
Leirbrean 4,8 886
Bøverbrean 797
Storbrean 5,1 1208

Namnet er eit samanlikningsnamn: 'ein stabbe med smør'.

Kart

Smørstabbrean
Smørstabbrean
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg