Smørbukk
Smørbukk
Av /Norsk barneblad.
Framsida av juleheftet frå 2011
Av /Foto av Fjukstad.

Smørbukk er ein av dei klassiske norske teikneseriane. Serien har namn etter hovudpersonen, ein fantasirik gut, og har vore publisert i Norsk Barneblad sidan 1938. I 1941 kom det første juleheftet.

Den første Smørbukk-teikneserien stod på trykk i Norsk Barneblad 16. juli 1938 og var illustrasjonar til eventyret om Smørbukk. Serien var teikna av Jens R. Nilssen og dei neste åra kom serien med jamne mellomrom. Smørbukk har hatt fast plass på baksida av Norsk Barneblad sidan 1942. Frå 1941 har det kome Smørbukk-julehefte kvart år, bortsett frå 1944. Frå 1963 til 1970 kom det òg eit Smørbukk-hefte om våren.

Tre ulike teiknarar har teikna Smørbukk. Jens R. Nilssen hadde ansvaret frå 1938 til 1959, Solveig Muren Sanden frå 1960 til 1982, og Håkon Aasnes har teikna serien frå 1982 og har i tillegg skrive han siden 1988. Alle tre har forma serien på sin måte, men fellestrekka er likevel mange nok til at slektskapen er tydeleg. I 1984 fekk serien teikneseriebobler for fyrste gong i bladet Juletre, og frå 1985 var dei komne for å bli i juleheftet.

Dei første åra

Smørbukk viser seg altså første gongen i Norsk Barneblad i 1938. Den dåverande bladstyraren, Andreas Haavoll, skreiv i det same nummeret at Smørbukk kom til å verte eit fast innslag i bladet framover, og han oppmoda lesarane til å sende inn eigne manusførelegg til serien. Om det kom inn brukbare manus på denne måten er ukjent; den første nylaga Smørbukk-forteljinga hadde manus av Haavoll. Her er Smørbukk rundt tre–fire år gamal, og det er helst lite tekst under teikningane. I dei årlege julehefta ligg teksten framleis under bileta, medan det har vore snakkebobler i Smørbukk-rutene i Norsk Barneblad sidan 1985.

Handling

Smørbukk og Trond

Hovudpersonen i serien er Smørbukk. Alt han gjer, er godt meint, men det endar likevel ofte med uventa og litt problematiske situasjonar, som han greier å kome seg ut av. Smørbukk er ein glad gut, han er kreativ og fantasirik, og han viser stor vilje til å prøve nye ting.

Den beste kameraten hans heiter Trond. Ei typisk Smørbukk-historie opnar med at Smørbukk får ei oppgåve, gjerne frå ein av foreldra. Saman med Trond prøver han å løyse denne oppgåva. Noko går gale, slik at dei må ordne opp. Det greier dei alltid, så historia sluttar med at dei løyser oppgåva Smørbukk har fått, gjerne kombinert med andre oppgåver som har dukka opp undervegs. Bortsett frå systera Bjørg og andre familiemedlemmer har serien få andre faste bipersonar enn Trond, i alle fall ikkje før den russiske jenta Nadia dukkar opp i 2001.

Faste innslag

Den første tida var det snakk om korte, avslutta historier i kvart nummer. Etter kvart strekte historiene seg over fleire nummer, slik at både teiknaren og forfattaren fekk fleire strenger å spele på. Likevel har det heile tida vore faste innslag, som til dømes den raude ullgenseren Smørbukk har på seg om vinteren.

Då Solveig Muren Sanden tok over som teiknar, dekorerte ho genseren med strekar i staden for dei vanlege prikkane. Då fekk ho spørsmål frå forfattaren om ho ikkje kunne gå over til å teikna prikkar, ho òg. Håkon Aasnes fekk òg mange reaksjonar frå lesarane den gongen Smørbukk drog på seg ei boblejakke over genseren. Han såg behovet for å gi Smørbukk varmare klede vintersdagen, men ville heller ikkje kome på kant med lesarane sine. Resultatet var at Smørbukk fekk ein boblevest.

Teiknarar og manusforfattarar

Tre teiknarar sidan 1938

Tre teiknarar har teikna Smørbukk:

Dei tre Smørbukk-teiknarane har alle sett sine eigne merke på serien. Nilssen plasserer han i eit udefinert norsk bygdelandskap og teiknar ein Smørbukk som gradvis vert litt eldre. Då Muren Sanden tek over, vert landskapet i serien prega av at ho er frå Telemark, og ho lèt òg Smørbukk verte litt eldre. Då Aasnes tek over, vert serien meir moderne, både gjennom snakkebobler i rutene og ved at Smørbukk tek steget inn i dataverda.

Fleire manusforfattarar

Det har altså vore stor stabilitet på teiknesida, på manussida er ikkje biletet like oversiktleg. Nokre har skrive manus til julehefte, andre til stripene i Norsk Barneblad. Lengst fartstid som manusforfattarar har Øyvind Dybvad (1940–1955 og 1980–1983), Johannes Farestveit (1956–1979) og Håkon Aasnes (1988 til i dag), men også Andreas Haavoll, Jostein Krokvik, Olav Norheim, Halvor Kleppen, Ingvar Moe, Velle Espeland og Gard Espeland har skrive tekstførelegg til Smørbukk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Eirik Helleve: Striper, ruter, bobler, utstillingskatalog. Hovdebygda 2003
  • Olav Norheim (red.): Smørbukk 70 år. Oslo 2008

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg