Skurdalen er eit dalføre i Hol kommune i Buskerud fylke. Den ligg mellom Seterdalen og Dagali i sør og Ustedalen med Geilo i nord.

Skurdalselva, som dannar ei rekkje vatn, mellom anna Skurdalsfjorden (Skurdalsvatnet; 783 meter over havet), som renn ut i Pålsbufjorden (750 meter) i Numedalsvassdraget. Dalbotnen ligg 750–800 meter over havet, og Skurdalen er saman med Dagali det høgast liggjande bebudde i dalføret i Numedalsvassdraget.

Skurdalen tilhøyrer Dagali og Skurdalen sokn. Skurdalskyrkja er bygde av stein og betong og vart innvigd 7. september 1969.

Hovudvegen mellom Geilo og Kongsberg, fylkesveg 40, går gjennom dalen.

Namnet kjem truleg av Skora, 'elv som har skore seg djupt ned', om øvre del av dalen, mellom Skurdalstjørne og Skurdalsfjorden. Ein annan teori går ut på at namnet kjem av det gammalnorske ordet skurfa, 'jern'. Det skal vise til at det har vorte drive jernutvinning i dalen.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg