Faktaboks

Skule Bårdsson

Skule Bårdssønn, Skule jarl, hertug Skule

norrønt Skúli Bárðarson

Fødd
1189, truleg Rein i Rissa, Trøndelag
Død
24. mai 1240, Elgeseter kloster ved Nidaros (Trondheim)
Gravlagd stad
Nidarosdomen, i golvet framfor vegg-grava til halvbroren Inge Bårdsson
Levetidskommentar
fødd omkring 1189 (nøyaktig fødselsdato er ikkje kjend, men Hákonar saga opplyser at han ved sin død var 51 år gammal)
Verke
Jarl, seinare hertug, til slutt opprørskonge
Familie

Foreldre: Lendmannen Bård Guttormsson til Rein (død 1194) og Ragnfrid Erlingsdotter, dotter til lendmannen Erling på Kvie.

Gift med Ragnhild (nemnd siste gong 1247), kanhende dotter til lendmannen Nikolas Pålsson Kuvung til Giske (død 1217).

Far til Margrete Skulesdotter (død 1270), svigerfar til Håkon 4. Håkonsson (1204–1263) og Knut Håkonsson (død 1261); morfar til Håkon Håkonsson unge (1232–1257), Magnus Lagabøte (1238–1280) og Kristin Håkonsdotter (1234–1262).

Skule Bårdsson og Håkon Håkonsson

Skule Bårdsson var riksstyrar for Håkon Håkonsson i dei første kongsåra hans, og seinare kongens rådgjevar og styrar for delar av landet. Skule Bårdsson (til høgre) og Håkon Håkonsson, illustrasjon i Flateyjarbók frå cirka 1380.

Skule Bårdsson ved Elgeseter

Skule var lenge i konflikt med svigersonen Håkon, og i 1239 gjekk han til åpent opprør og lot seg utrope til konge. Etter slaget ved Oslo flykta Skule, men vart tatt igjen av birkebeinarane og drept ved Elgeseter kloster i Nidaros (Trondheim). Moderne fantasi-framstilling frå slutten av 1800-tallet.

Skule Bårdsson ved Elgeseter
Av .

Skule Bårdsson var ein norsk jarl, seinare hertug, og kongsemne. Han var son av Bård GuttormssonRein og halvbror av kong Inge Bårdsson. Skule fekk jarlsnamn vinteren 1216/1217, og var riksstyrar for kong Håkon Håkonsson medan kongen var umyndig. Frå 1217 til sin død hadde Skule full styringsmakt i ein tredel av Noreg og skattlanda, anten som samla riksdel eller som spreidde sysler på landsbasis. Han vart Noregs første hertug i 1237.

Heilt frå starten av Håkons regjeringstid var det konflikt mellom han og Skule. For å dempe konflikten, gifta Håkon seg med Skules dotter Margrete i 1225, utan at det hadde stor effekt. Etter kvart som Håkon fekk meir makt, vart Skules makt redusert, og til slutt gjekk han til åpent opprør mot svigersonen. Skule lot seg utrope til norsk konge på Øyratinget i 1239. Året etter vart han drepen av Håkons menn.

Skule Bårdsson er ein av dei mest omstridde – og ulikt vurderte – politiske og militære leiarar i norsk mellomalderhistorie, og som ein av hovudpersonane i Henrik Ibsens Kongsemnerne har han dessutan fått ein viktig plass i norsk litteraturhistorie.

Skule vart lenge oppfatta som ein ærgjerrig og stortenkt, men utrygg og handlingshemma tvilar. Nyare forsking ser han som ein stor statsmann og dyktig regent, kanskje til og med grunnleggjaren av den kongspolitikken som vart satt i system etter hans død.

Bakgrunn

Skule var son av Bård GuttormssonRein og Ragnfrid Erlingsdotter. Han var yngre halvbror av kong Inge Bårdsson. Av Bǫglunga sǫgur går det fram at Skule truleg var oppfostra på Kvie i Vang i Valdres, kanskje alt frå farens død i 1194 til vinteren 1204/1205, då han vart sendt til kong Inge Bårdsson i Nidaros. Sidan var han i kongens følgje, og han er omtala under konfrontasjonar med baglarane i Nidaros i 1206 og i Bergen i 1207. Seinare fekk han sysle i Sogn, og under bondeopprøret i Trøndelag kring 1213 var han leiar for kongens hær.

Arvekrav og tronfølgje

Då kong Inge omtrent samtidig vart sjuk, tok Skule opp tronfølgjespørsmålet med dei «gjævaste menn» i kongens følgje. Han nemner her rettsgrunnlaget for sitt eige kandidatur, men framhevar samtidig kong Inges uektefødde son, Guttorm Ingesson, som den fremste i arverekka. På kong Inges dødsleie vinteren 1216/1217 fekk Skule jarlsnamn, og han vart no leiar for hær og hird. Kong Inge døydde 23. april 1217.

Etter Inges død var det i hovudsak to kandidatar til å overta trona: Guttorm Ingesson og Håkon Håkonsson. Sistnemnde var uekte son av Håkon 3. Sverresson. I tillegg hadde Skule sjølv eit ganske sterkt arvekrav som bror til den avdøde kongen. Skule var òg født innanfor ekteskap, medan dei andre kandidatane var av uekte fødsel. Dei var imidlertid kongssøner, noko Skule ikkje var. Frå gamalt av var reglane at alle søner av tidlegare kongar hadde arvekrav, uavhengig av om dei var fødd i ekteskap eller ikkje, men på Skules tid hadde prinsippet om ekte fødsel fått større vekt ved kongeval.

Ved det påfølgjande kongevalet hevda Skule framleis – formelt i alle fall – at Guttorm Ingesson var den fremste arvingen til å overta etter faren. I dette ligg ei faktisk erkjenning av at dei gamle arvegangsreglane, som ikkje gav rom for prinsippet om ekte fødsel, framleis stod så sterkt at dei representerte gjeldande rettstilstand. I krinsen av gamle birkebeinarar rådde same synet, men då som absolutt argument for Håkon Håkonssons kandidatur. I denne argumentasjonen representerte Inge Bårdssons kongstid ei «uekte lodning» på den monarkiske suksesjonslinja i Noreg.

Riksstyrar

Skule Bårdssons gravstein
Skule Bårdsson var jarl og riksstyrar for Håkon Håkonsson, og i 1237 vart han Noregs første hertug. På gravsteinen hans er han avbilda med hertugkrans på hovudet.
Av /NTNU Vitenskapsmuseet.
Lisens: CC BY 2.0

På hirdstemner og tingmøte vart Håkon Håkonsson tatt til konge våren og sommaren 1217, 13 år gamal. Lendmenn og hirdmenn svor eid til både konge og jarl, og Skule fekk ein tredel av Noreg og skattlanda som sin riksdel. Denne delen var ikkje geografisk arrondert, slik at Skule både formelt og reelt fungerte som riksjarl og riksstyrar. I brev frå den engelske kongen i 1222 er han då også titulert dux totius Norwegie («leiar av heile Noreg»). Semja vart stadfesta og fornya i 1218, og året etter vart Skules dotter Margrete trulova med kongen.

Fram til vinteren 1220/1221 hadde kongen og jarlen felles vintersete, og Skule fungerte som regent for den umyndige Håkon. Han demonstrerte no, og elles ei tid utover i 1220-åra, betydeleg og målretta energi, både politisk og militært. Det gjaldt arbeidet med å forhandle fram forlik mellom baglarane og birkebeinarane i 1218, og kampar mot nye opprørsflokkar på Austlandet fram mot midten av 1220-åra. I utanrikspolitikken var han også ei formande kraft, særleg overfor Island, England og pavestolen. På England dreiv han for øvrig både no og seinare privat aktivhandel.

Arvespørsmålet vart endeleg avgjort i Håkon Håkonssons favør på eit riksmøte i Bergen i 1223. Her fremma Skule aktivt – for første gong – sitt eige arvekrav, men altså utan å nå fram. Møtet enda med at det vart inngått ny delingsavtale mellom kongen og jarlen, garantert av erkebiskopen og biskopane. Skule fekk sin riksdel definert som den nørdre tridjungen av riket, til og med Sunnmøre. Skattlanda er ikkje nemnde, men det framgår av seinare styringsopplysningar i Hákonar saga at riksmakta også der var delt. I 1225 vart Margrete Skulesdotter gift med kongen.

Konflikten mellom Skule og Håkon

Hertug Skule innhentast
Hertug Skule blir innhenta av forfølgjarane sine ved Elgeseter kloster. Skule og dei resterande vårbelgene hadde søkt tilflukt i Elgeseter kloster. Birkebeinarane satte fyr på klosteret, og då Skule og mennene hans kom ut, vart dei avretta. Dei siste orda hans skal (ifølgje soga om Håkon Håkonsson) ha vore: «Hogg meg ikkje i andletet, for det er ikkje sed å gjera mot hovdingar!».
Hertug Skule innhentast
Av .

Etter at Håkon vart myndig, fekk Skule etter kvart mindre makt, både som kongens rådgjevar og som jarl. Ulike stridsspørsmål kom opp mellom Skule og kong Håkon frå midten av 1220-åra, og kongens ekteskap med Margrete Skulesdotter synest ikkje å ha hatt den konfliktdempande funksjonen mange hadde tenkt seg.

Det er eit gjennomgåande trekk i Hákonar saga at vonde og anonyme tredjemenn får skulda når det oppstår spenningar, medan det helst går godt når dei to sit saman. I nokon monn må vi sjå dette som forfattaren Sturla Tordssons kunstneriske grep i ein ytterst pikant skrivesituasjon: Soga er skriven for kong Magnus Håkonsson (Lagabøte), son til kong Håkon og dotterson til Skule jarl.

Stadig nye tvistemål prega store deler av 1230-åra, og trass i energisk geistleg mekling var det vanskeleg og i røynda uråd å finne varige løysingar som begge partar såg seg tente med. Eit par gonger kom det nær til væpna konflikt. På riksmøtet i Bergen i 1233 fekk erkebiskopen og biskopane i stand forlik, men soga legg til: «aldri sidan vart det full tiltru mellom dei». I 1235 bestemte kongen at Skule for fredens skuld skulle ha tredelen av sysleneOpplanda og i Vika den komande vinteren. Forliket vart fornya i Bergen året etter, og dei to hadde felles vintersete der vinteren 1236/1237. På Øyratinget våren 1237 fekk Skule hertugnamn, som den første i Noreg. Han hadde no ein tredel av syslene over heile landet, ei ordning som synest å ha vart resten av hans hertugtid.

Den 6. november 1239 gjekk så Skule til åpent opprør, ved å bli hylla til norsk einekonge på Øyratinget. To store slag vart utkjempa på Austlandet vinteren og våren 1240; først på Låke i Nannestad, med siger for Skules avdelingar (kalt vårbelger). Det endelege slaget i Oslo like etter påske vart derimot eit definitivt nederlag for Skule, som flykta til Nidaros. Da han kom ut frå det brennande klosteret på Elgeseter, vart både han og hans næraste menn hogde ned, trass i erkebiskopens bønn om grid.

Skules forhold til kyrkja

Gjennom heile sitt liv hadde Skule Bårdsson eit nært, og visseleg religiøst fundert forhold til kyrkja, både til geistlege institusjonar og til geistlege ombodsmenn. I utgangspunktet såg kyrkja også med sympati på hans kandidatur i arvefølgja, ikkje minst fordi han var fødd i ekteskap og såleis oppfylte eit grunnleggjande kyrkjeleg tronfølgjekrav. Hákonar saga antydar fleire gonger visse former for konspirasjon mellom Skule og geistlege personar mot rikskongen og hans interesser. Det står likevel fast at rikskyrkja etter 1223 konsekvent støtta Håkon Håkonssons kongsrett og einekongedøme, og bygde sin meklingspolitikk på det.

Alt i 1220 vart Skule tatt i pavestolens vern, og i 1230-åra fekk paven ei garantistrolle for forlik inngått mellom konge og jarl. Ved eit par høve donerte Skule gardpartar til kyrkjelege institusjonar, mellom anna til domkapitlet i Nidaros. I 1226 vart jarlen alvorleg sjuk, og ei tid syntest det å gå mot slutten. Det har vore gissa på at det var no han gav farsgarden Rein til eit nyskipa nonnekloster (Reinsklostret), bygde krosskyrkje i stein og la store godsmengder til. I mest eit tiår etter 1226 høyrer vi om krossferdsplanar i Skule Bårdssons regi, både til det heilage landet og til Canterbury, utan at det synest å ha kome ut over planstadiet.

Skule Bårdssons gravstein

Skule Bårdssons gravstein

Skule Bårdsson. Gravstein frå midten av 1200-tallet, truleg med bilete av hertug Skule. Funne i 1972, no i Nidarosdomen.

Av /NTB Scanpix ※.

Etter alt å dømme var det hertug Skules gravstein frå midten av 1200-talet som vart funne i Trondheim i 1972 under arbeid i vestfløya av Erkebispegarden. Motivet på gravsteinen viser eit mannshovud med halvlangt hår i ein tredelt boge. Over og rundt bogen ser ein eit steinhus og eit rundt festningstårn. Det viktigaste er imidlertid bandet med rosettar som mannen ber rundt panna. Dette er utvilsamt ein hertugkrans. Slike var vanlege verdigheitsteikn for hertugar i Europa på 1200-talet.

Då steinen vart losna, viste det seg at han var av marmor, med fin dekor i tidleg gotisk stil på den sida som vendte ned. Steinen har vore cirka éin meter brei og 15–20 centimeter tjukk. Lengda har vore vel to meter, og det bevarte stykket er cirka 45 centimeter langt. Forsøket på å tolke (Oddvar Grønli) den delvis bevarte minuskelskrifta er usikkert.

Ettertidas vurdering av Skule

I norsk historieskriving har Skule Bårdsson vore svært skiftande vurdert, både som person, politikar og militær leiar. Langt på veg heng dette saman med kjeldesituasjonen. Hákonar saga, den absolutte hovudkjelda til Skules livshistorie, har helst matte konturar i personteikninga, og det er eit gjennomgåande trekk at Skules livssoge er skildra relasjonelt til kongens. Dermed representerer dei to på sett og vis ein konstant sum av idépolitisk innsikt og realpolitisk handlekraft, og i seinare historieskriving har gjerne ei positiv vurdering av den eine gitt eit bilete med motsett forteikn av den andre. Denne dualiteten har openbert stengt for ei realistisk og rettvis vurdering av begge hovudpersonane.

Peter Andreas Munch

Det konsekvent negative bildet av Skule Bårdsson var det Peter Andreas Munch som skapte. Munch solidariserte seg med rikskongedømmet og skildra Håkon Håkonsson som den største og dyktigaste personlegdom på Noregs trone i mellomalderen. I dette perspektivet blir Skule Bårdssons livsgjerning – i smått og stort – redusert til eit samanhengande renkespel, med det dramatiske sluttoppgjeret som intrigens logiske mål.

Henrik Ibsen

I Kongsemnerne (1863) bygde Henrik Ibsen på Munch, men la sine eigne, psykologiserande element inn i skildringa av Skule: den handlingslamma tvilaren, skapt til å stå kongen nær, men ikkje til sjølv å vere konge. Kongsemnerne er utan tvil det viktigaste og litterært beste historiske drama som er skrive i Noreg, og skapte – saman med Peter Andreas Munchs skildring – det Skule-portrettet som generasjonar av nordmenn fekk prenta inn. Munchs romantiske versedrama Hertug Skule (1864) har langt på veg ei anna karakterforståing, men saknar heilt den dramatiske kraft som gjorde Ibsens Skule til folkeeige.

Hans Ernst Kinck

Oppgjeret med P. A. Munchs syn på Skule Bårdsson kom med full tyngd tidleg i 1920-åra. I 1922 gav diktaren Hans Ernst Kinck ut den merkelege boka Storhetstid, som vekte stor oppsikt då den kom. I denne heller overflatiske kulturfilosofiske studien blir Håkon Håkonsson redusert til ein forfengeleg og affektert narr, medan Skule Bårdsson – i handlekraft og kulturbakgrunn – står fram som den overlegent dyktige og intelligente både som åndsmenneske og som politisk aktør. Hans tragedie var at han personifiserte holdningar det ikkje var rom for i «ei ond og gjærande tid».

Halvdan Koht

Nokre av Kincks hovudpoeng greip Halvdan Koht nesten umiddelbart, i eit sterkt personleg foredrag om Skule jarl i vitskapsakademiet i Kristiania i 1923 (trykt i 1924). Her stig Skule Bårdsson fram som det største politiske talentet i norsk mellomalderhistorie, eit talent han berre delvis fekk høve til å realisere. Hans politiske handlingar var prega av to hovudmotiv: forsoning og samling innanlands, freds- og vennskapspolitikk andsynes utlandet. Håkon Håkonsson mangla derimot – hos Koht som hos Kinck – alle grunnleggjande eigenskapar som karakteriserer ein stor statsmann.

Koht var, i nesten ekstrem grad, fengsla av Skule Bårdsson og hans livslagnad, og hans Skule-skildring ber meir preg av personleg følt karakterteikning enn av nøktern vitskapleg analyse. Den fekk likevel betydeleg gjennomslag i historikarmiljøet, først og fremst gjennom ei nedvurdering av Håkon Håkonssons eigenskapar og innsats som regjerande konge.

Nyare forsking

Forsking kring temaet sidan 1960-åra har i større grad skilt Skule og Håkon som historiske aktørar; den eine kan vere stor utan at den andre blir redusert. På dette grunnlaget har det skjedd ei klar rehabilitering av Håkon Håkonsson og hans regime.

At Skule Bårdsson gjorde ein stor og målretta innsats i norsk politisk historie, særleg i åra etter 1217, kan det ikkje herske tvil om. Hákonar saga er i seg sjølv godt nok vitnemål om det. Han hadde format, og Koht har nok litt rett i at det til slutt var hans «eige livsverk» som vende seg mot han og knuste han. Det er tydeleg at Skule, særleg i 1230-åra, vart utmanøvrert av den ambisiøse regjeringskrinsen kring kongen, og at han hadde problem med å finne realistiske motstrategiar i slike situasjonar og i denne atmosfæren. Realpolitikarens teft og evne til å satse rett, til rett tid og på rett stad, var – gjennomgåande vurdert – neppe hans fremste politisk-strategiske eigenskap.

I nyare historieskriving har det igjen vore fornya interesse for Skule Bårdsson og hans livsgjerning, og i ein viss forstand kan ein spore tendensar tilbake til debatten i 1920-åra. Særleg på eitt punkt har denne forskinga gitt resultat som nok vil bli ståande. Det gjeld revurderinga av Skule som militær strateg, særleg analysert gjennom felttoga i 1239–1240 (Knut Arstad). Skules krigføring var kjenneteikna av profesjonelle mannskap, fleksible taktiske mønster, logistisk planlegging og gjennomorganisert militærspionasje, og var i sum på høgde med militærstrategisk tenking i Europa. At han tapte det endelege oppgjeret rokkar ikkje ved denne generelle analysen.

Håkon Håkonssons saga

Hákonar saga gir på mange vis ei sympatisk skildring av Skule Bårdsson, faktisk overraskande positiv når vi kjenner hans dramatiske eksodus: kongssvikaren som fell på sine gjerningar.

Hákonar saga gir Skule Bårdsson dette ettermælet: Han var høg, lys i andletet og hadde vakkert, lysebrunt hår. I si framferd var han finsleg og høvisk, ordhag og talefør. Oppsummert heiter det at «han hadde flest alle dygder som pryder ein god høvding». Og sagaforfattaren legg til at hadde ikkje det siste året kome, ville hans ettermæle vore at ingen duglegare mann var fødd i Noreg utanom kongsætta. Det heiter også at hans tragiske død gjekk hardt inn på folk.

Avbildingar

  • Delar av det som truleg har vore Skule Bårdssons gravstein, vart funne i Erkebispegardens vestfløy i Trondheim i 1972.
  • Skule Bårdsson er saman med Håkon Håkonsson avbilda i fargelagt initial i Flateyjarbók, 1380-åra (Stofnun Árna Magnússonar, Reykjavík)
  • Ein brakteattype (kvartpenning) frå 1200-talet har omskrifta rex et comes, Myntkabinettet ved UiO, (katalognummer 160 og 161 hos Kolbjørn Skaare). Skaare har sannsynleggjort at kong Håkon 4. Håkonsson og hans regent, jarlen Skule Bårdsson, er myntherre, dermed er tidfestinga kongens umyndige regjeringsperiode, altså 1217–cirka 1220. Katalognummer 160 har brystbilete av ein ung mann trekvart en face.
  • Avtrykk av midtstykket av Skule Bårdssons dobbeltsegl er bevart i Riksarkivet på brev av 29. september 1225 (Regesta Norvegica, bind 1 nr. 529). Framsida er eit riddarsegl med bortkomen skriftrand, medan kontraseglet (baksida) har skjoldform med oppreist løvefigur og delvis lesbar skriftrand.

Les meir i Store norske leksikon

Kilder og litteratur

  • Munch, Peter Andreas (1857): Det norske folks historie, del 3
  • Kinck, Hans Ernst (1922): Storhetstid
  • Brinchmann, Christopher (1924): Norske konge-sigiller og andre fyrste-sigiller fra middelalderen
  • Koht, Halvdan (1924): «Skule jarl», i Historisk tidsskrift, rekke 5, bind 5
  • Koht, Halvdan (1962): biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL1), bind 14
  • Bjørgo, Narve (1968): «Håkon Håkonssons ettermæle», i Syn og Segn, bind 74
  • Helle, Knut (1972): Konge og gode menn i norsk riksstyring ca. 1150–1319
  • Lange, Bernt Christian (1974): «Hertug Skules gravstein», i FMF Årbok 1973
  • Grønli, Oddvar (1976): «Innskrifta på Skulesteinen», i FMF Årbok 1975
  • Skaare, Kolbjørn (1995): Norges mynthistorie, to bind
  • Arstad, Knut Peter Lyche (2003): «’...underlig forjaget og planløs...’? Strategi og feltherreegenskaper i Norge i første del av 1200-tallet», i d.s. (red.): Krigføring i middelalderen. Strategi, ideologi og organisasjon ca. 1100–1400, Forsvarsmuseets småskrift nr. 35
  • Bjørgo, Narve: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2)
  • Islandske Annaler
  • Regesta Norvegica, bind 1, 1989
  • Bǫglunga sǫgur, utgitt av H. Magerøy, 2 bind, 1988
  • Håkon Håkonssons saga, i Noregs kongesoger, bind 4, 1979
  • Sturlunga saga, utgitt av K. Kålund, bind 1, 1906

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg