Faktaboks

Uttale

Skøye, Skådje

Etymologi

norrønt Skodyn av skaði (uviss tyding) og vin 'eng'

Innbyggjartal
2489 (SSB, 2023)
Landareal
1,7 km²
Tettstadsnummer
6141 Skodje
Skodje
Utsyn over Skodje.
Av /Nye Ålesund kommune.
Lisens: CC BY NC 2.0

Skodje er ein tettstad i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,7 km², og har 2489 innbyggjarar (2023).

Tettstaden ligg på nordsida av Skodjevika, den inste armen i Stavsetfjorden/Ellingsøyfjorden, like nord for E39 i Skodjestraumen. Gjennom Skodje går fylkesveg 661 frå Skodjestraumen nordover via Vatne og tilbake til E39 i Vestnes.

Skodje har variert industri og fiskeoppdrett. Storgarden Solnør ligg sør for tettstaden. Skodje kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1860.

Kart

Skodje
Skodje
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg