Skaldyrallergi er allergisk overfølsemd mot skaldyr. Det er to ulike grupper skaldyr, krepsdyr som omfattar reke, krabbe, hummar, scampi, kreps og krill, og blautdyr der vi finn skjel (blåskjel, østers, kamskjel og andre), snigel og blekksprut (akkar og åttearma blekksprut). Mest vanleg er allergiane matallergiar, men det kan også vere luftvegsallergi eller hudallergi, særleg hos arbeidarar i sjømatindustrien og på kjøkken.

Skaldyrallergi og særleg rekeallergi er av dei mest vanlege matallergiane hos vaksne. Allergien er ofte varig. Skaldyrallergi kan ha alle grader av alvorlegheit, frå lett kløe i munnen til livstruande pustevanskar, blodtrykksfall og hjartestans.

Alvorlege tilfelle må snarast råd bli behandla med adrenalininjeksjon (EpiPen eller tilsvarande), og pasienten skal ligge med beina heva.

Symptom

Symptoma ved skaldyrallergi er som ved annan matallergi på grunn av IgE. Dei kan sette inn nesten øyeblikkeleg etter kontakten med maten, eller etter nokre minutt. Mykje feitt i maten kan gjere at symptoma kjem litt seinare. Det startar ofte med kløe og opphovning i munn, svelg og ansikt og raud og hoven hud som klør. Andre symptom er magesmerter, oppkast, laus avføring, hoste, hesheit, astmasymptom og pustevanskar, rask eller langsam puls, blodtrykksfall og tap av bevisstheit.

Når ein skaldyrallergikar pustar inn luft med stoff frå skaldyr enten i støv eller i ørsmå vassdropar (aerosolar), vil ein kunne få astmasymtom med tung pust, hoste og piping, eller høysnuesymptom med nysing, rennande nase og kløe i nasen og augo. Yrkesrelatert astma kan utvikle seg. Hudkontakt kan gje kontakturticaria.

Mekanisme

Mekanismen ved skaldyrallergi er den same som ved annan IgE-avhengig allergi. Ved skaldyrallergi er IgE-molekyl retta mot visse skaldyrprotein bundne til overflata på mastceller. Ved kontakt mellom IgE på mastcellene og skaldyrproteina blir mastcellene aktivert og set fri signalstoffet histamin og andre molekyl som lagar ein allergisk reaksjon. Dette er ein overfølsomheitsreaksjon som blir kalla type I-reaksjon.

Diagnosen

Det viktigaste for å finne diagnosen er å få ei god sjukehistorie med observasjon av kva mat ein har reagert mot, og når dette har skjedd. Allergitestar er berre eit supplement til sjukehistoria, og kan ikkje aleine danne grunnlag for diagnosen.

Allergitestar

Til støtte for å finne diagnosen nyttar ein ofte allergitestar, enten hudtest (prikktest) eller blodprøve med måling av antistoffet IgE i serum retta mot ulike skaldyrallergen, det ein kallar spesifikt IgE. Det er viktig at det svært ofte vil vere utslag på testane uten at den undersøkte personen har allergien, slik at diagnosa aldri må baserast berre på allergitestar. Samstudes er somme individ allergiske mot meir sjeldne skaldyrallergen som ikkje blir fanga opp i testane.

Testing med mat

Ved allergi som ikkje er for sterk, kan ein prøve å tak vekk den mistenkte maten frå kosthaldet nokre veker, og så ta den i bruk på nytt. Ein kan då sjå om ein vert betre utan den mistenkte maten, og verre igjen når ein ét den mistenkte maten på nytt.

Gullstandarden i matallergidiagnostikken er såkalla dobbeltblinda placebo-kontrollert matprovokasjon (DBPCFC). Pasienten får då under medisinsk overvaking heilt lik mat med og utan den mistenkte matvara, for å sjå om det kjem reaksjon, og eventuelt kor stor dose som må til. Korkje pasienten eller den som gir maten veit kva for serveringar som inneheld allergen, det er skjult med koding. Dette er ein svært ressurskrevande og ikkje heilt risikofri metode, som berre vert nytta når det er spesielt viktig å finne ut om pasienten tåler ei bestemt matvare.

Alternative diagnoser

Spesielt ved mistanke om rekeallergi, bør ein vurdere om symptoma skuldast sulfitt-overfølsemd.

Førekomst

Skaldyrallergi, særleg rekeallergi, er mellom dei mest vanlege matallergiane blant vaksne. Det er usikre tal på førekomsten, eit vanleg nytta tal for medisinsk bekrefta krepsdyrdyrallergi er tre av tusen personar; for sjølvopplevd krepsdyrallergi to av hundre personar. Seks av ti personar med rekeallergi har fått allergien som vaksne. Hos barn under skulealder er førekomsten av krepsdyrdyrallergi mindre vanleg. Førekomsten av blautdyrallergi er enda meir usikker enn for krepsdyrallergi, fordi det ved reaksjon på grunn av skjel kan vere vanskeleg å skilje mellom allergi og forgiftning, og nokre gonger også infeksjon.

Hudallergi (kontaktallergi) mot skaldyr er mest vanleg blant folk som arbeider med matlaging, og i sjømatindustrien.

Luftvegsallergi mot skaldyr er mest vanleg i sjømatindustrien, men personar med sterk matallergi mot skaldyr eller middallergi kan også reagere på skaldyrallergen i støv og damp i lufta.

Årsak

Den grunnleggande årsaka til allergi er ukjent, men for IgE-allergi er det ein sterk arveleg faktor.

Skaldyrallergi er oftast primær, det vil seie at ein utviklar allergien direkte mot eitt av skaldyra, enten eit krepsdyr eller eit blautdyr. Den 'grunnleggande' primære allergien kan likevel nokre gonger vere allergi mot husstøvmidd, kakerlakk eller mot fiskeparasitten Anisakis (kveis). Skaldyrallergien skuldast då ein allergisk kryssreaksjon, som i nokre tilfelle kan gje alvorlege kliniske symptom.

Skaldyrallergen og allergisk kryssreaksjon

Skaldyra inneheld ei rad allergene protein, det mest kjente og truleg viktigaste både hos krepsdyr og blautdyr er tropomyosin. Andre krepsdyrallergen er arginin kinase, myosin lettkjeder 1 og 3, troponin I og C, sarkoplasmatisk kalsium-bindande protein og triosefosfat-isomerase. Hos blautdyr er hemocyanin, myosin tungkjede, arginin kinase og amylase funne å vere allergen. Hos somme pasientar er ikkje tropomyosin involvert i allergireaksjonen, som då skuldast nokre av dei andre allergena.

Tropomyosin frå sør-atlantisk krill finst i krillolje, og viser omfattande kryssreaksjon med tropomyosin frå reke (fleire underartar), krabbe og hummar.

Ein tommelfingerregel er at dersom ein har éin krepsdyrallergi, er det 75% risiko for at ein vil reagere også mot eit anna krepsdyr. Kryssreaksjonane er mest omfattande mellom dei ulike krepsdyra, og også omfattande – men i noko mindre grad – mellom krepsdyr og blautdyr som skjel, snigel og blekksprut. Kryssreaksjon mellom dei ulike blautdyra synest å vere litt mindre vanleg enn mellom dei ulike krepsdyra. Samstundes er det i tillegg både for krepsdyr og blautdyr kryssreaksjon med allergen i husstøvmidd, kakerlakk og fiskeparasitten Anisakis. Alle desse kryssreaksjonane kan gjere tolkinga av allergitestar og forståinga av kva som har klinisk betydning vanskeleg, det gjeld til dømes tilhøvet mellom husstøvmidd og reke. Klinisk kryssreaksjon mellom skaldyr, blautdyr og husstøvmidd er blitt kalla «krabbe-reke-midd»-syndromet.

Kva for andre organismar til dømes ein rekeallergikar vil reagere mot, er ubrekneleg. Ein ser også tilfelle der det er allergi mot berre eitt krepsdyr men samstundes allergi også mot til dømes blekksprut, medan ein tåler alle andre skaldyr og blautdyr. Tilsvarande er det for blautdyr, ein kan reagere mot eitt blautdyr og kanskje mot eitt eller fleire krepsdyr, men tåle dei andre blautdyra.

Tropomyosin frå reke kryssreagerer med rogn frå sjøpinnsvin, som vert nytta i sushi.

Skaldyrallergi fører ikkje til allergi mot fisk eller kjøt, kanskje med eitt unntak – det er nyleg funne at tropomyosin frå fisken tilapia (Oreochromis mossambicus) er eit allergen.

Allergendose

Ved alvorleg rekeallergi må alt som har vore i kontakt med reker eller andre skaldyr reknast som farleg; dette gjeld i praksis også for andre skaldyrallergiar. Ei dose på tre sneglar har vore rapportert å vere årsak til dødeleg allergisjokk.

Koking og steiking

Allergenet tropomyosin vert ikkje øydelagt av varmebehandling, og generelt kan koking og steiking av skaldyr enten la allergenisiteten uendra, eller auke eller svekke den – det avheng av kva allergen pasienten reagerer mot.

Skjult allergen

«Skjulte allergen» kallar vi det når allergen finst i rettar og produkt der matvara som allergenet kjem frå er usynleg, og ein ikkje ville vente å finne den. Ekstrakt eller kraft frå skaldyr blir ofte nytta for å sette smak på annan mat, til dømes i somme sausar og thairettar.

Krepsdyr og blautdyr er to av dei 14 matvarene eller stoffa som EU på grunn av faren for allergi eller overfølsemd krev alltid skal vere deklarert på pakningen til matvarer, og som serveringsstader alltid skal ha tilgjengeleg informasjon om for maten dei serverer eller sel utan innpakning.

Crabstics – ei lumsk matvare for allergikarar

Crabstics er i hovudsak laga av fisk, og fiskeallergikarar som har trudd dei åt krabbe, har fått alvorlege reaksjonar. Samstundes inneheld crabstics kraft frå skaldyr for å gje dei skaldyrsmak, slik at skaldyrallergikarar som et crabstics i den trua at dei et berre fisk, også kan få ein alvorleg allergireaksjon.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg