Faktaboks

Sjur Helgeland
Fødd
19. august 1858, Vossestrand (no Voss), Vestland
Død
28. desember 1924, Vossestrand (no Voss), Vestland
Verke
Hardingfelespelemann
Familie

Foreldre: Lars («Brita-Lars») Olsson Hirt (1823–1908) og Brita Helgeland (1820–98).

Ugift.

Tremenning av Per Sivle (1857–1904).

Sjur Helgeland
Av .

Sjur Helgeland var ein tradisjonsbunden folkemusikar og komponist. Han skaffa seg tidleg eit ry som meisterspelemann ved å dra på spelferder og ved å halde konsertar.

Sjur Helgeland var fødd i Myrkdalen i Voss, ved foten av Vikafjellet. Her hadde han basen sin gjennom heile livet. Han fekk tidleg interesse for den lokale folkemusikken, og alt som 12-åring tok han til å spele hardingfele til dans og i bryllaup.

Han utvikla seg som spelemann ved å lære av Ola Mosafinn og Lars Fykerud, og han vart sjølv etter kvart læremeister og inspirator for Lars Skjervheim, Sigbjørn Bernhoft Osa og seinare Leif Rygg, som alle stod planta i same tradisjon. Også Edvard Grieg lydde til og skreiv ned slåttar frå Helgeland. Det finst mykje tradisjonsstoff etter han i Arne Bjørndal-samlinga ved Griegakademiet i Bergen.

Vestmannalaget skipa til den første landskappleiken i Bergen i 1896, vann Sjur Helgeland førsteprisen, slik han også gjorde to gonger seinare.

Han komponerte «Budeiene på Vikafjellet», «Sivlefossen», «Jernbanemarsj» og «Heimlengt».

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hellesnes, Torstein (1972): Gardssoge for Vossestrand, Vinje sokn. Voss: Voss bygdeboknemnd
  • Lærum, Ole Didrik (1991): Spelemannen Sjur Helgeland. Oslo: Det Norske Samlaget
  • Mæland, Jostein (1991): Ervesylvet. Folkemusikksoga for Vossabygdene. Voss: Voss spelemannslag

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg